- Rektor er Musikkhøgskolens framre talsperson i offentlegheita.
- Ved direkte spørsmål frå journalistar bør alle tilsette aktivt rådføre seg med og informere kommunikasjonssjefen før dei svarer, men alle står likevel fritt til å uttale seg.
- Tilsette må gjere det klart om dei snakkar på eigne vegne eller som representant for Musikkhøgskolen.
- Dei viktigaste momenta for å lykkast med mediekontakt er: Kunnskap, respekt, ansvarskjensle, tilgjengelegheit, openheit og serviceinnstilling.
- Vi anbefaler at alle tilsette følgjer våre kommunikasjonsetiske prinsipp (sjå under).
Mediekontakt
Alle medarbeidarar står fritt til å uttale seg til media, og NMH ønsker at tilsette brukar fagkompetansen sin aktivt i samfunnsdebatten. Her er nokre råd og retningsliner.
Tommelfingerregler for kontakt med media
Våre kommunikasjonsetiske prinsipp
- Ærlegheit. Alt vi seier skal vere påliteleg.
- Respekt. Vi skal forstå og ha respekt for rollene til eksterne interessentar som tek kontakt.
- Ryddigheit. Vi skal aldri snakke nedsetjande om våre konkurrentar og meiningsmotstandarar, anten det gjeld individ eller organisasjonar.
- Proaktivitet. Vi vil, dersom det er mogeleg, ha full openheit om saker som angår vår verksemd.
- Kunnskapsbasert. Våre påstandar skal vere basert på dokumentert kunnskap, ikkje på rykte og spekulasjonar.