For ansatte
No En
Søk

Tilsettprofilen din

Alle tilsette har ein eigen profil på våre eksterne nettsider, nmh.no. Du sender ønska oppdateringar og endringar til Webmaster.

Kva skal profilsida gjere

Profilsida skal fortelje kven du er og kva du kan.

Automatisk innhenting

  • Namn, stillingstittel, telefonnummer, kontor, fagseksjon og fagområde hentast automatisk frå personaldatabasane SAP og FS.
  • Informasjon om forskingsprosjekt du deltek i blir henta frå prosjektoversikta på nmh.no og forskingsdatabasen Cristin.
  • Lista som blir henta inn frå Cristin tek same rekkjefølgje som publikasjonane dine i Cristin.

Alt anna blir tasta manuelt inn via publiseringsverktøyet vårt, Craft.

Bilde

Portrettbilde på nett er noko du vel sjølv, men for brukaren av nettsidene våre, er det ein fordel med bilde av tilsette.

Om NMH ikkje har portrettbilde av deg, send eit bilde til webmaster@nmh.no. Med jamne mellomrom rigga vi til eit enkelt fotostudio, slik at tilsette kan få teke profilbilde. Følg med på nyheitene for tilsette og i Etter noter der dato for portrettfotografering blir annonsert.

Rettigheiter til bilde tatt av fotograf for NMH

Norges musikkhøgskole har rettigheiter til portrettbileta som blir teke av profesjonell fotograf på NMH. I avtalen med fotografen står at vi kan bruke portretta i NMHs eigne kanaler. Det vil seie at dersom du ønsker å bruke bildet utanfor NMH, må du avtale direkte med fotografen om bruk og kjøp av bildet.

Biografi

Som tilsett på NMH, er det fint å ha ein kort biografi om deg på nettsidene våre.

Biografien kan du sende inn til Webmaster – på norsk og engelsk. Ønsker du lenke til eige nettsider, kan vi også leggje inn det.

Treng du hjelp?