Gå til hovedinnhold
For ansatte Søk

Kanalar og mediekontakt

Her får du hjelp med å velje riktig kanal for å nå publikummet ditt, informasjon om våre nettsider og sosiale medium, samt retningsliner for mediekontakt.

Mediekontakt

Alle medarbeidarar står fritt til å uttale seg til media, og NMH ønsker at tilsette brukar fagkompetansen sin aktivt i samfunnsdebatten. Likevel er det nokre retningsliner du bør følge.

Kanalar på NMH

På NMH er nettsider, e-post, Etter noter og Canvas døme på dei kanalane vi brukar mest til informasjon og kommunikasjon internt. Facebook og sosiale medium skal ikkje brukast i kommunikasjon med studentane.

Nettsidene våre

Staten har fastsett reglar for universell utforming av tekstinnhald og bilete. Følg desse enkle reglane når du legg ut innhald på nett.

Nettsidene våre nmh.no, student.nmh.no og ansatt.nmh.no er publisert på plattformen Craft.

Teams-gruppe

Alle publisistar som har fått tilgang til og opplæring i Craft er meldt inn i Teams-gruppa, «Publisering i Craft». I denne gruppa – under fana Oppskrifter – finn du rettleiingar til sidetypane og innhaldsblokkane, samt retningsliner og generelle tips.