Gå til hovedinnhold
For ansatte Søk

Tilsettprofilen din

Alle tilsette har ein eigen profil på våre eksterne nettsider, nmh.no. Du sender ønska oppdateringar og endringar til Webmaster.

Kva skal profilsida gjere

Profilsida skal fortelje kven du er og kva du kan.

Automatisk innhenting

  • Namn, stillingstittel, telefonnummer, kontor, fagseksjon, fagmiljø og fagområde hentast automatisk frå personaldatabasane SAP og FS.
  • Informasjon om forskingsprosjekt du deltek i blir henta frå prosjektoversikta på nmh.no og forskingsdatabasen Cristin.
  • Lista som blir henta inn frå Cristin tek same rekkjefølgje som publikasjonane dine i Cristin.

Alt anna blir tasta manuelt inn via publiseringsverktøyet vårt, Craft.

Biografi

Som tilsett på NMH, er det fint å ha ein kort biografi (maks 1400 teikn inkl. mellomrom) om deg på nettsidene våre. Biografien bør vere på norsk og engelsk.

Send biografien til webmaster@nmh.no, så legg vi det inn i profilsida di.

Ønsker du lenke til eige nettsider, kan vi også leggje inn det.

Bilde

Portrettbilde på nett er noko du vel sjølv, men for brukaren av nettsidene våre, er det ein fordel med bilde av tilsette.

Om NMH ikkje har portrettbilde av deg, send eit bilde til webmaster@nmh.no. Med jamne mellomrom rigga vi til eit enkelt fotostudio, slik at tilsette kan få teke profilbilde. Følg med på nyheitene for tilsette og i Etter noter der dato for portrettfotografering blir annonsert.

Rettigheiter til bilde tatt av fotograf for NMH

Norges musikkhøgskole har rettigheiter til portrettbileta som blir teke av profesjonell fotograf på NMH. I avtalen med fotografen står at vi kan bruke portretta i NMHs eigne kanaler. Det vil seie at dersom du ønsker å bruke bildet utanfor NMH, må du avtale direkte med fotografen om bruk og kjøp av bildet.

Fagmiljøsidene

Fagmiljøsidene er en oversikt som er beregnet på studenter som vurderer å søke på NMH. Disse sidene oppdaterer vi manuelt – også oversikten over ansatte på fagmiljøsidene.

Treng du hjelp?