Gå til hovedinnhold
For ansatte Søk

Utdanningskvalitet

System for sikring, rapportar, studentevalueringar.

For å sikre og utvikle kvaliteten på utdanningsverksemda gjennomfører Norges musikkhøgskole (NMH) eit kontinuerleg tilsyn med sentrale områder av utdanninga og forhold som påverkar den. Dette gjerast gjennom NMH sitt kvalitetssystem.

1. Rekruttering, opptak og oppstart

NMH evaluerer jamleg søkartal, søknadsprosedyrar og opptaksprøvar.

NMH har som mål å tiltrekke seg dei beste studentane og ha eit godt søkartilfang innan alle instrument og studieprogram representert ved høgskulen. Opptak til dei fleste studia skjer gjennom opptaksprøvar. Prøvane må vere relevante, og eigna til å velje ut dei som er best kvalifisert til eit studium ved NMH.

Rapportar og evalueringar:

2. Evaluering av studietilbod

NMH vurderer studietilbodet ved institusjonen gjennom studieprogramevalueringar, emneevalueringar, evaluering av studieporteføljen, arbeidsliv og kandidatundersøkingar.

Rapportar og evalueringar:

3. Internsjonalisering

Internasjonaliseringsarbeidet er rekna som eit viktig verkemiddel for å auke kvaliteten i utdanninga. NMH samarbeider med ei rekkje sentrale musikkutdanningsinstitusjonar. Internasjonal kontakt og erfaring er viktig for ein stor del av studentane som vil operere i ein internasjonal arbeidsmarknad etter endt utdanning. NMH skal gi studentane moglegheiter for utanlandsopphald og skal tilby ei internasjonalt retta utdanning.

Rapportar og evalueringar

4. Studiegjennomføring

NMH skal leggje til rette for at studentane skal kunne gjennomføre studia på normert tid med eit godt læringsutbyte. Det er viktig med ei stadig medvitsgjering hos studentar og tilsette om konsekvensar av sviktande studiegjennomføring. Samstundes må det takast omsyn til at mange studentar skal ut i eit yrkesliv som er prega av stor grad av frilansverksemd, og at mange av den grunn kan ha stor nytte av ein gradvis overgang mellom studium og arbeidsliv for å byggje karriere. Oversikter over studentane si studiegjennomføring og evaluering av eksamen og emne er viktige for å følgje med på utviklinga og for å kunne setje i verk eventuelle tiltak.

Rapportar og evalueringar:

5. Fagpersonalet sin kompetanse

Sterke fagmiljø er avgjerande for kontinuerleg utvikling av utdanningskvalitet. Den enkelte lærar si kontakt med og arbeid innan sitt praksisfelt styrkar FoU-basert undervisning, undervisninga si kvalitet og omdømme. Samspelet og breidda i fagmiljøa er utgangspunktet for gode studietilbud, mangfold og fagleg innovasjon. Dette er avgjerande for å tiltrekkje seg gode studentar.

Fagmiljøet knytta til dei ulike studieprogramma skal til ein kvar tid oppfylle krav i § 1-12. Generelle krav til fagmiljø i Universitets- og høgskuleforskrifta.

Behandlingsplanar for fagpersonalet sin samansetning og kompetanse

6. Studentmedverknad og læringsmiljø

NMH evaluerer læringsmiljøet jamnleg gjennom interne og eksterne undersøkingar.

NMH skal bruke fagleg og pedagogisk kompetanse til å skape gode læringsmiljø, utvikle gode lærings- og vurderingsformer og sikre høgt læringsutbytte. Studentane sin medverknad er avgjerande for å nå dette målet. Dette føreset at studentane opplever at dei opplever at dei har ein reell moglegheit til å påverke studiesituasjonen, og at dei opplever å bli høyrde i sitt engasjement.

Evalueringar og rapportar:

Årsrapportar for kvalitetssystemet

Styret ved Norges musikkhøgskole (NMH) har det overordna ansvaret for sikring og utvikling av utdanningskvalitet og skal årleg behandle årsrapporten der utdanningskvaliteten ved høgskolen vurderast.

Kontakt

Lurer du på noe eller trenger mer informasjon? Ta kontakt på utdanningskvalitet@nmh.no.