Det viser kandidatundersøkinga blant tidligare musikkstudentar i Noreg utført av Telemarksforsking på oppdrag av Nasjonalt fagorgan for utøvande og skapande musikk (FUM). Rapporten gir innsikt i arbeidskvardagen, sysselsettingssituasjonen og inntektsnivået til dei som fullførte høgare musikkutdanning i Noreg mellom 2013 og 2023.
Slik går det med musikkstudentane – 10 år etter

Dei fleste tidlegare studentar ved Noregs musikkhøgskole finn relevant arbeid etter studia. Berre to prosent var arbeidssøkande i det første året etter ferdig utdanning, og mellom 88 og 95 % av dei var sysselsett i relevante jobbar i 2024.
Sysselsettinga er høgare blant dei med musikkutdanning enn dei med anna utdanning.
Kandidatundersøkinga
Hovudendringar
Det er over ti år sidan sist det blei laga ein tilsvarande rapport. Ei endring sidan førre undersøking er at fleire speler i band eller ensemble, mens færre driv med solistisk verksemd. Denne endringa finn vi på tvers av sjangrar.
Andelen som hovedsakelig er sjølvstendig næringsdrivande har auka sidan førre kartlegging. Det gjeld særleg dei som har studert rytmisk musikk, men òg blant dei som er utdanna innan klassisk musikk har delen som har hovudinntektskjelde som frilans og sjølvstendig næringsdrivande auka frå 30 % i 2013 til 41 % i 2024.
Høg sysselsetting
Studentane som har gått på Noregs musikkhøgskole er mellom dei som skårer høgst når det gjeld å finne relevant arbeid etter utdanninga. Organistane er den gruppa musikarar med den høgast andelen faste tilsette – heile 90 %. Organistane har òg har den høgaste musikkrelaterte inntekta.
Kulturskulen er en viktig arbeidsplass for dei tidlegare musikkstudentane. 68 % av heile utvalet underviser i større eller mindre stillingar. Tidlegare NMH-studentar underviser også meir privat enn andre.
Halvparten av studentane som har studert improvisert musikk/jazz og folkemusikk ved NMH speler i band eller mindre ensemble. NMH-studentane på klassisk master er den gruppa der flest er sysselsette i symfoniorkester blant alle tidlegare musikkstudentar i Noreg.
Dette viser at utdanningane våre er relevante, og samtidig gir undersøkinga oss god hjelp til å stadig bli betre.
rektor ved Noregs musikkhøgskole

Grunnlag for ein karriere
Over halvparten av dei tidligare studentane ved NMH meiner musikkutdanninga i høg grad har vore eit godt grunnlag for å begynne på yrkeskarrieren, eit godt grunnlag for vidare læring på jobben og for å få jobb i tråd med forventingane. Når det gjeld spørsmålet om utdanninga har vore eit godt grunnlag for å arbeide som sjølvstendig næringsdrivande, er det meir strekk i NMH-studentlaget. Mellom 37 og 54 % meiner det stemmer i høg grad, mens ein større andel er heilt ueinig i dette. Her er studentane på klassisk meir positive enn dei på rytmisk, mens på spørsmålet om utdanninga har vore eit godt grunnlag for å utvikle eigne prosjekt, er det motsett. Nesten 70 % av studentane på studieretning i impro/jazz og folkemusikk er einig, mens berre 38 % av dei på klassisk master meiner det same.
Kombinerer ulike roller
Rapporten viser at mange har ein arbeidskvardag prega av midlertidige tilsettingar og frilansoppdrag. Fleirtalet kombinerer ulike roller, som undervisning, kunstnarisk verksemd og anna arbeid. 66 % av dei tidlegare studentane kombinerer to eller fleire aktivitetar, mens 22 % kombinerer tre eller fleire aktivitetar.
Dei som bruker mest tid på jobbar innan utøvande musikk er dei tidlegare studentane frå klassiske retningar ved NMH. Musikarar med rytmiske utdanningar jobbar mindre med utøvande musikk, og meir med anna arbeid enn dei klassisk skolerte musikarane. Dei som anten har gått musikkpedagogikk eller tatt tilleggsutdanning innan pedagogikk, jobbar meir med relevant arbeid og mindre med anna arbeid enn dei som ikkje har pedagogikk.
– Det er inspirerande å sjå korleis dei tidlegare studentane fyller mange og ulike roller i heile økosystemet for musikk – som fast tilsette, frilans prosjektmakarar og pedagoger i ei rad ulike skoleslag. Samspelet med mange ulike aktørar i arbeidslivet er viktig også i utdanningane våre.
rektor

Låge inntekter samanlikna med andre
Inntektsnivået blant dei som har høgare musikkutdanning er lågare enn hos andre med høgare utdanning. Den gjennomsnittlege yrkesinntekta for tidlegare musikkstudentar utgjorde i 2022 omlag 71 % av inntekta til andre med tilsvarande utdanningsnivå. Samtidig er det eit poeng at delen heilt ledige eller utanfor arbeidsstyrken er lågare for dei med musikkutdanning enn for dei med anna utdanning.

Påverka av korona
Musikkstudentane er generelt litt mindre fornøgd enn ved førre måling for ti år sida. Forskarane peiker på korona, som har påverka både dei som studerte og arbeidslivet til dei som blei uteksaminerte før pandemien som ei mogleg årsak.