Gå til hovedinnhold
For ansatte Søk

Kampen for musikkfaget

Det sit langt inne for folk å prioritere eit fag dei veit lite om, meiner dosent Signe Kalsnes.

Store delar av yrkeslivet hennar har handla om å utdanne gode musikkpedagogar. Slike som skal tru på elevane sine, og få dei til å tru på seg sjølve. Ho har nemleg sjølv erfart at å ha gode lærarar kan vera heilt avgjerande.

No slår ho eit slag for musikkfaget i grunnskulen, og ber pedagogane om å ta med seg elevane sine ut i det offentlege rom.

Slik kan både politikarar og potensielle musikklærarar sjå verdien med eigne auge.

Ein betegnande C

Ein kan seie at NMH-dosenten er arveleg belasta. Det var to pianist-tantar, som også var musikklærarar, som tidleg i barndommen vekka fascinasjonen hennar for pianoet. Det gjekk ikkje lang tid før ho ville lære å spele sjølv.

Åtte år gammal gjekk vesle Signe inn dørene på Veitvet musikkskole i Oslo for å ha pianotime for fyrste gong.

– Eg hugsar det godt. Mora mi fylgde meg, fordi eg var så lita. Så kom læraren ut av rommet, helste på mor, og tok meg med inn på rommet. Mor fekk stå att på gangen, smiler ho.

Ho sette seg fint på plass på pianokrakken. Læraren bretta ut ei note, sette ho på pianostativet, og peika fingeren mot ein kvit tangent midt på det store instrumentet.

– Så sa ho: Der er noten C. Den ligg der. Det var i grunn veldig betegnande for mi pianoundervisning i årevis – ja, eigentleg heile oppveksten.

– Musikkfaget blir ikkje satsa på. Dermed er også grunnskulelærar-studentar i tvil på om dei skal velje musikk.

Signe Kalsnes

– Eg følte eg drukna

Kalsnes var aldri den som var mest glad i å opptre framfor andre. Kvart halvår kom det eit nytt høve der ho måtte vise fram kva ho hadde lært dei siste månadane. Og kvar gong fekk det henne til å vurdere å slutte i musikkskulen.

– Vi spelte i ein kjempestor sal med høg scene og eit digert flygel. Eg følte eg drukna oppi dei greiene der. Det var ikkje slik at ein fekk lære seg å spele konsert i mindre farlege situasjonar – det var ikkje pedagogisk i det heile teke!

Men så var det eitkvart som heldt henne attende. Ho klarte liksom ikkje å gje slepp på pianoet.

Denne limboen med å ynskje å slutte, men ikkje heilt klare det, heldt fram heilt til vidaregåande. Da kom ein ny lærar på bana, og ho skulle setje spor.

– Ho var utruleg inspirerande, og gjorde at eg vart ekstra interessert. Ho var veldig oppmuntrande, og hadde trua på meg. Og da fekk eg litt trua på meg sjølv òg. Så da valde eg musikkutdanning framfor statsvitskap, hugsar ho attende.

Kalsnes si nyaste bok, skrive saman med professor Magne Espeland.

Musikk forma av politikk

I desse dagar er Kalsnes aktuell med boka «Musikkfaget i spel. Fagpolitiske, fagdidaktiske og historiske perspektiv», som ho har skrive saman med HVL-professor Magne Espeland.

Boka drøftar mellom anna korleis politisk styring har forma musikkfaget i grunnskulen opp igjennom, og kva konsekvensar dette har hatt for rekruttering av musikkpedagogar, og for faget i skulen generelt.

Ifylgje henne blir det berre meir og meir av den politiske styringa. Ikkje berre i musikkfaget, men i skulepolitikken i det heile teke.

– Det er veldig stor politisk merksemd rundt skule og utdanning, og alle tykkjer dei skulle hatt noko å seie om utviklinga der. Lærarar er veldig sette på mange måtar, fordi dei får så mange meldingar om kva dei skal gjere. Ikkje berre på det statlege nivået, men også på kommunalt nivå. For grunnskule og kulturskule er kommunens eigedom, og da er det kommunale politikarar som har masse meiningar. Det er ikkje alltid det fell så heldig ut.

– Kva er status for musikk i skulen i 2026?

– Litt dystert, eigentleg. Musikk utgjer ein stadig mindre andel av det totale årstimetalet i grunnskulen. Ikkje fordi faget mister timar i seg sjølv, men det får aldri nye timar. Og lærarkompetansen er synkande, fordi grunnskulelærarstudentar vel musikk i for liten grad. Det er dei viktigaste karakteristikkane.

– Det er berre nokre få av oss som blir musikarar. Det må ein eigentleg berre bli om ein er heilt naud til det.

Signe Kalsnes

Pianopendling

Kalsnes var sjølv musikklærarstudent i si tid. Ho studerte ved Østlandets musikkonservatorium, som seinare fusjonerte med Noregs musikkhøgskole.

Nokre år etter studietida pendla ho mellom Bergen og Ås for å jobbe.

Eit par dagar i veka var ho pianolærar ved kulturskulen i Ås, og dei andre dagane underviste ho i musikkpedagogikk og piano ved Bergen musikkonservatorium.

Det vart ein kombinasjon som baud på mange aha-opplevingar.

– Det var veldig interessant, for på konservatoriet underviste eg jo dei som skulle bli lærarar. Så eg sat på ein måte og observerte meg sjølv som lærar i kulturskulen, og i kulturskulen sat eg og observerte meg sjølv som lærarutdannar.

– Kva oppdaga du?

– Ein stiller jo seg sjølv stadig vekk spørsmåla «kvifor gjer eg det på denne måten? Kvifor ikkje slik i staden?»

Det vart tre år med pendling mellom aust og vest. Ho slutta i jobben i Bergen for å ta eit årsvikariat ved Musikkhøgskolen. Ved kulturskulen i Ås vart Kalsnes verande i ti år.

– Fleire av dei eg studerte med hadde også jobb der. Det var veldig gøy, for vi hadde ambisjonar om å lage verdas beste kulturskule.

Mål: bli glad i musikk

Kalsnes har sett ein heil generasjon med pianoelevar kome og gå. Etter kvart utvikla ho ein slags sans for å oppdage kven som kom til å bli ekstra gode.

– Av og til ser du liksom småungar som speler, og så tenkjer du, «jaha, der har vi det!». Av og til kan du merke det. Og så dukker dei plutseleg opp på NMH nokre år seinare. Eller ganske mange år seinare, eigentleg. Da smiler ein litt lurt.

Målet med kulturskulen er likevel ikkje at elevane treng å bli dei beste musikarane eller at dei skal ta høgare musikkutdanning. Målet er heller at dei skal bli glade i å spele, slik at dei held fram med å spele gjennom heile livet, meiner Kalsnes.

– Det er berre nokre få av oss som blir musikarar. Det må ein eigentleg bli berre om ein er heilt naud til det.

Å få barn til å terpe på piano og fiolin er ikkje alltid så enkelt. Kalsnes meiner at nøkkelen er at dei får lov til å spele noko dei tykkjer er fint, og noko som låter godt.

– Og så må du bygge ein god relasjon til elevane. Det trur eg er halve jobben. Får du god kontakt, og dei tykkjer det er koseleg å kome fordi dei likar å sitje og prate med deg ved sidan av det å spele, så trur eg det har veldig mykje å seie. Den relasjonen skal ein ikkje undervurdere.

– Det er veldig stor politisk merksemd rundt skule og utdanning, og alle tykkjer dei skulle hatt noko å seie.

Signe Kalsnes

Landets største publikum

I arbeidet med å utdanne gode musikklærarar handlar det for Kalsnes mykje om å vise studentane kva slags moglegheiter som finst der ute for ulike jobbar i feltet.

– Vi jobbar mykje med å utvikle den profesjonelle læraridentiteten deira, kan du seie, forklarer ho.

– Det er ofte slik at studentar som kjem til oss for å ta PPU [praktisk pedagogisk utdanning] har høg musikkfagleg kompetanse. Enkelte har tre år med musikkutdanning, dei fleste har fire, og nokre har seks år bak seg.

Desse studentane har ofte eit ynskje om å jobbe med musikk i vidaregåande skule, eller i kulturskulen. Mykje av jobben Kalsnes gjer er å få desse studentane til å opne auga for dei moglegheitene som ligg føre dersom ein også er open for å jobbe med musikk i grunnskulen.

Enkelte av desse moglegheitene går på det reint praktiske, som at det er nyttig for mange å kunne jobbe på dagtid, som ein får i grunnskulen, i staden for på kveldstid, som du gjerne må i kulturskulen.

Men nokre av moglegheitene går også på det meir menneskelege.

– Du treffer jo alle mogleg slags barn i grunnskulen, og du får høve til å prege deira oppfatning av, og ikkje minst tilgang til, musikk. For å bruke eit musikaromgrep, har ein jo eit veldig stort publikum nede i grunnskulen. Der går alle barn.

Kalsnes peikar på at det er viktig å gje alle barn eit godt musikktilbod, for å gje dei eit godt grunnlag for resten av livet.

– Særleg viktig er det at dei får utvikla evnen sin til musikkoppleving. For den har dei jo glede av livet ut.

Føringar frå toppen

Musikk og fagpolitikk har dansa rundt kvarandre store delar av yrkeslivet til Kalsnes.

Mellom anna har ho leia læreplangruppa for musikk i grunnskulen under Kunnskapsløftet i 2006, ho var initiativtakar til den fireårige faglærarutdanninga i praktiske og estetiske fag, og ho har utarbeidd strategidokument for styrking av kunst og kultur i opplæringa for Stoltenberg-regjeringa.

Ho har også jobba mykje med fagpolitikk som styreleiar for organisasjonane Musikk i Skolen og Samarbeidsforum for estetiske fag. I dag er ho styreleiar for stiftinga Skapia, som jobbar for at barn og ungdom skal utvikle kreativiteten sin gjennom å lage sin eigen musikk.

At politiske føringar har stor innverknad på musikkundervisninga er sentralt for henne.

– Kva slags politiske føringar kan musikkundervisninga bli tillagt?

– Du kan seie at det handlar mest om at musikkfaget er eit lite fag i grunnskulen. Og det har vore veldig stort fokus på dei såkalla «basisfaga» – norsk, matte, engelsk og nokre fleire fag, som har fått veldig stor merksemd, og auke i timetalet sitt.

– Dersom leiinga og skulepolitikarane ikkje ser kva som kjem ut av musikkfaget blir det også vanskeleg å prioritere.

Signe Kalsnes

Sjokket frå PISA

Denne utviklinga heng saman med det såkalla PISA-sjokket som breia seg over heile Noregs land i 2001, forklarer Kalsnes.

PISA står for Programme for International Student Assessment, og er standardiserte prøver som blir haldt i over 80 ulike land, for å måle kunnskapsnivået blant 15-åringar verda over.

Da Noreg for 26 år sidan deltok i programmet for fyrste gong, og det viste seg at tenåringane i landet som var kjend for det gode skulesystemet berre presterte litt slik midt på treet, slo daverande kunnskapsminister Kristin Clemet (H) alarm.

– Og etter det har ein utvikla eit ganske stort testregime, der ein er ganske oppteken av nokre spesifikke læringsresultat. I lesing og rekning, særleg. Når ein får det store fokuset på nokre få område i skulen hamnar alt anna i skuggen, seier Kalsnes, og fortset:

– Det er det som har skjedd med musikkfaget. Vi får ingen fleire timeressursar, og faget blir ikkje satsa på. Dermed er jo også grunnskulelærarstudentar veldig i tvil på om dei skal velje musikk. Ikkje berre fordi at faget ikkje blir satsa på, men også fordi mange har ganske dårleg bakgrunnskunnskap i faget, frå musikktimane da dei sjølve gjekk på grunnskulen. Det blir ein slags ond sirkel.

Ettersom musikk ikkje er eit obligatorisk fag i vidaregåande skule vantar det på grunnkunnskapane innanfor faget for mange lærarstudentar. Dei som ikkje går musikklinja har gjerne, på det tidspunktet dei skal søkje seg inn på lærarutdanning, ikkje hatt musikkundervisning sidan ungdomsskulen.

Så apropos ond sirkel:

– Snakkar vi i litt store bokstavar, manglar halvparten av musikklærarane i grunnskulen formell kompetanse i musikk, seier Klasnes.

– Da kan du tenkje deg ein lærarstudent som ikkje har hatt musikk i vidaregåande skule, og som kanskje har hatt ein ufaglært musikklærar i heile det tiårige løpet. Da står det ikkje så godt til med musikkompetansen. Og når du har såpass svak kompetanse vel du ikkje det faget i lærarutdanning.

Politikk og glitrande auge

Kalsnes vonar den nye boka til henne og Espeland kan fungere som ei slags motgift mot det dystre biletet dei ser knytt til musikk i grunnskulen i dag.

– Vi må snakke om det, ikkje sant? Vi må skrive om det, og dokumentere tilstanden. Og sjølvsagt prøve å vise vegen vidare.

Ho meiner at det viktigaste lærarane kan gjere i denne situasjonen er å undervise godt, for det fyrste.

For det andre, må dei vise fram kva musikken betyr.

– Eg pleier alltid å seie til studentane at dei må ta med seg elevar og opne kommunestyremøte. Vise fram elevane på 17. mai, eller juleavslutning på skulen. Dersom musikkfaget alltid er synleg i dei samanhengane der, vil alle tenkje at musikkfag verkeleg betyr noko.

Det sit langt inne for folk å prioritere eit fag dei veit lite om, trur Kalsnes.

– Dersom leiinga og skulepolitikarane ikkje ser kva som kjem ut av musikkfaget, og ikkje ser gleda elevane kan ha av faget, blir det også vanskeleg å prioritere.

– Men kjem det ein gjeng med elevar med glitter i augene, fulle av musikkglede, blir det mykje enklare.

Artikler relevante