Gå til hovedinnhold
For ansatte Søk

Statsbudsjett som forventa for Musikkhøgskolen

Illustrasjon: Regjeringen.no

Statsbudsjettet for 2026 er som forventa, og ganske likt det NMH fekk i fjor.

Inga krise på Noregs musikkhøgskole (NMH), men det er uro for åra framover: For 2025 fekk NMH 339 millionar, medan det blir 345 millionar i 2026. Korrigert for prisvekst er dette ein nedgang.

– Løyvinga gjer at vi kan halde fram med å drive studium, kunstnarisk utviklingsarbeid og forsking av høg kvalitet innanfor den tildelinga vi har fått, seier direktør Kristel Jæger Skorge.

– Det er ein forventa realnedgang men ikkje dramatisk for høgskolen på kort sikt, fordi vi tok fleire naudsynte kutt då vi omstilte NMH for eit par år sidan.

Organiseringa på NMH viktig no

Direktøren ser vi har løyving nok til å drive høgskolen forsvarleg. Ho meiner det viktigaste vi gjer det neste året er å få til ei god organisasjonsutvikling - både på musikkfagleg side og i adminstrasjonen. Det er det studentane og medarbeidarane treng, ein god prosess som gjer at vi driv NMH godt.

– Det er ein forventa realnedgang men ikkje dramatisk for høgskolen på kort sikt, fordi vi tok fleire naudsynte kutt då vi omstilte NMH for eit par år sidan.

Kristel Jæger Skorge, direktør ved NMH

Bekymra over trenden

Skorge er samstundes uroleg for at kunstutdanningane kan få det tøffare i åra framover, når som så mykje fokus ligg på forsvar, helse og teknologi.

Det er heller ikkje løyva midler til dei satsingsforslaga NMH spelte inn i fjor slik som auka midler til areal for høgskulens aktivitetar og nye stipendiatstillingar.

Statsbudsjettet 2026 i reine tal for NMH

  • Noregs musikkhøgskole er i forslag til statsbudsjett for 2026 tildelt til saman 345 millionar kroner. Dette er ein auke på totalt 5,9 millionar frå 2025.
  • Lønns- og prisvekst er kompensert med 3,6 % (12 mill. kr).
  • Det som trekker mest ned for NMH er ei forventa vidareføring av færre studieplassar, ei utvikling NMH merka særleg etter pandemien.
  • NMH får også reduksjon på 2,5 mill grunna omprioriteringar i sektoren: Alle universitet og høgskoler må gje av pengar til desse formåla, som kallast «inndragninger til satsinger» (khrono.no) i Statsbudsjettet. NMH må også bidra til prioriteringane, og får sjølv ingen del av dei nye, tillyste satsingane.
  • Det er også noko nedgang på 816.000 kr i resultatbasert uttelling. Det siste handlar om produserte studiepoeng som gjekk noko ned, men dette er normale svingingar på ein høgskole.
  • Det er ingen løyvingar til nye areal for Noregs musikkhøgskole, og som nemnt får ikkje NMH pengar frå Regjeringas «inndragninger til satsinger», tvert imot: Den minste nedgangen er ei reduksjon av løyvinga til NMH med 32.000 kr grunna arbeidet Regjeringa gjer for at staten skal leige av meir effektive kontorareal. Det er det same kuttet som året før og handlar om at NMH flytta ut av Furuholmen.

Artikler relevante