Kantina, Coda spiseri, blir drifta av Studentsamskipnaden i Oslo. Studentar og tilsette ved NMH har delteke i utviklinga av den nye kantinaløysinga, som SiO har vore prosjektleiar for. Coda spiseri har nytt produksjonskjøkken, nytt salsområde og nye møbel og lyssetting.
Les meir om kantinas opningstider og meny (Sio.no)
Kantina på Furuholmen
I første etasje, inngang Fritjof Nansens vei 19, ligg kantina i Furuholmengården. Kantina har varme rettar og salatbar. Varmretten har fastpris, mens salat veger du sjølv og betaler i automaten.