Gå til hovedinnhold
For ansatte Søk

Kven er med? Kven står utanfor?

Susanne Trinh foran fargerik vegg

Kven er inkludert og kven er ekskludert? Kva er dei inkluderande og ekskluderande faktorane i musikkundervisninga?

Dynamus-prosjektet ser på barn og unges oppvekstvilkår når det gjeld musikk. Prosjektet er tredelt mellom kulturskulen, grunnskulen og medielandskapet. Ei av linsene Dynamus brukar mest er inkludering og ekskludering.

Siw Graabræk Nielsen og Sidsel Karlsen ved Norges musikkhøgskole jobbar i kulturskuledelen av prosjektet saman med Anne Jordhus Lier, i tillegg til å vere involvert i grunnskuledelen.

Vi møter Siw og Sidsel saman på kontoret i femte etasje på NMH.

– Grunnskulen treff jo, i prinsippet iallfall, alle. Litt over 13 % brukar kulturskulen, der dei fleste brukar musikkdelen av kulturskulen.

Men i kor stor grad treff innhaldet alle?

– Kven er det som eigentleg kan delta? Kan du tre rett inn i aktiviteten eller krev det forkunnskapar?

Ein av teoretikarane Siw og Sidsel og deira medforskarar lener seg på er Pierre Bourdieu.

– Ein kan føle ei framandheit i den situasjonen ein er i. Du er ikkje vant til strukturane som finst der du er elev.

Gjennom prosjektet har Dynamus-gjengen intervjua foreldre mellom andre, og ser at det er ulike måtar å vere foreldre i kulturskulen. Grunnskulelærarane på si side har gjennom spørjeskjema svart på kva slags musikk dei brukar, kva musikkaktivitetar det leggast til rette for, kven var det sin idé å gjere denne aktiviteten.

– I kulturskulematerialet finn vi at sjølv om eleven skal ha medverknad i undervisninga, så er det i veldig stor grad læraren som styrer kva det skal undervisast i og kva som er repertoaret.

Men det er ikkje sikkert læraren føler seg kompetent til alt.

– Det er kanskje ei sunn grunnholdning, men det fører også til at eleven kan kome med ynskjer som ikkje læraren kan kome i møte.

Men dei veit ikkje heilt kvifor, for det forklarer ikkje spørjeskjemaet.

Siw Graabræk Nielsen og Sidsel Karsel ved en undergang

Kva sjangrar får vere med?

Grunnskulens læreplan er eit lovfesta dokument med rettigheiter og plikter, medan kulturskulen berre har ein rammeplan. Norske kommunar er pålagt å gi eit kulturskuletilbod til innbyggjarane sine, men rammeplanen er ikkje lovfesta. Likevel kan kommunar forplikte seg til den.

Har de fått noko inntrykk av i kor stor grad den rammeplanen blir følgd?

– Utan at vi er ferdig å analysere alle intervjua, så ser vi allereie at den først og fremst blir brukt som eit dokument for samhandling og løftar fram problemstillingar til diskusjon som lærarar og leiarar kanskje ikkje elles hadde teke stilling til.

Gjennom Dynamus-prosjektet har Siw og Sidsel analysert rammeplanen.

– Det interessante der er den relativt store forskjellen mellom den generelle delen, som har eit meir medvite forhold til mangfald og inkludering, og det vi opplever som musikkdelens relativt tradisjonelle forhold til dei same tema, fortel Siw.

– Der ser vi fort at tradisjonen trumfer alt, legg Sidsel til.

Mellom anna ser forskarane at pop, rock, impro og folkemusikk for eksempel er ganske framandgjort i den første planen frå 1989.

– Vestleg klassisk musikk er så sjølvsagt i den planen at omgrepet ikkje blir brukt der ein gong – det heiter berre den tradisjonen som musikkskulen byggjer på.

Gjennom utviklinga av planane frå 1989, 2003 og den siste frå 2016; Mangfald og fordjuping, ser ein at kulturskulen kanskje kan tenkje seg at musikalsk deltaking vert eit vel så legitimt mål som det å meistre eit instrument på høgt nivå.

Tidlegare har Siw og Sidsel, saman med forskarar ved Høgskolen i Innlandet, forska på musikalsk gentrifisering innanfor høgare utdanning i Noreg og då såg dei på korleis sjangrar kom inn og vart akademisert, og også kva sjangrar som blei ekskluderte frå akademiske kontekstar.

Eit døme som fortel noko om dette, er då Høgskolen i Innlandet oppretta eit studietilbod i dansebandmusikk, med Willy Kristoffersen frå Ole Ivars som lærar.

– Og det var ingen som meldte seg, kan Siw fortelje.

Dei fortel at mykje av det same finn dei i kulturskulen og grunnskulen.

– «Din musikk kom ikkje inn», liksom. Det er lite samisk musikk, for eksempel, og i grunnskulen er populærmusikken hegemonisk. Gjerne lærarens populærmusikk.

– Ein kan føle ei framandheit i den situasjonen ein er i. Du er ikkje vant til strukturane som finst der du er elev.

Siw Graabræk Nielsen og Sidsel Karsel, forskarar
Siw Graabræk Nielsen og Sidsel Karsel sitter/står ved trapp utendørs

Kven får vere med?

Dynamus-prosjektet ser også på kva som skal til for å bli opplært til å vere deltakar i det norske velstandssamfunnet.

– Grunnskulen og kulturskulen er jo finansiert av den norske stat – korleis forvaltar ein desse tinga? Det ligg eit ansvar på ein annan måte enn hos ein privat musikkskule for eksempel.

Ein faktor som kan ekskludere, er sosioøkonomiske forskjellar. Det kan vere dyrt å gå i kulturskulen.

– Du må betale for undervisninga, kanskje kjøpe instrument.

I tillegg stillast det gjerne høgare krav til foreldra i kulturskulen enn for eksempel idrett. Det er forventa at eleven øver mellom undervisningstimane.

– Og då kjem det ein annan kapital inn – har eg den nødvendige kunnskapen for å fylgje opp barnet mitt?

– Har ein plass?, legg Siw til: – Bur ein slik til at ein kan øve heime i det heile tatt? Det krev rett og slett eit ganske komplekst sett med ressurstilgangar.

Dynamus-prosjektet har resultert i omfattande datamateriale, og fleire store publikasjonar frå prosjektet er rett rundt hjørnet.

Sjølv om det ikkje er ei normativ studie – korleis kan Dynamus-prosjektet føre til forandring i denne komplekse dynamikken?

– Forandring og tiltak kan kome gjennom refleksjon rundt sin eigen praksis. Og det kan opne opp for eksperimentering med praksis. Berre gjennom å eksperimentere, så endrar ein den sosiale dynamikken.

Som ein del av formidlingsarbeidet har dei mellom anna dialog med Kulturskulerådet, og har vore til stades på Cutting Edge-konferansane.

– I tillegg brukar vi det jo i undervisninga med studentane.

Det kjem kanskje innspel frå studentane som de også tek inn i dykkar arbeid?

– Ja, absolutt – særleg masterstudentane har jo allereie direkte kontakt med feltet i det at dei gjerne underviser i kulturskulen eller grunnskulen.

– Kvifor er det ikkje fleire fleirkulturelle studentar? Kvifor har eg ikkje blitt eksponert for fleire fleirkulturelle komponistar, eller komponistar som ikkje er kvite menn. Og kvifor hadde eg ikkje eit språk for å uttrykke kva eg følte rundt dette?

Susanne Trinh, NMH-alumn, musikkpedagog og kunstnar
Susanne Trinh bak vindusrute med note-symboler på

Susanne Trinh: – Det som er nytt, er at folk lyttar.

Susanne Trinh er nettopp ferdig med ein bachelor i musikkpedagogikk med klassisk piano som hovudinstrument. I dag frilansar ho, og er mellom anna med i eit inkubatorprogram gjennom Tekstlab, der ho samarbeider med andre kunstnarar frå andre felt enn musikk.

– Eg jobbar eigentleg overraskande mykje med kunst. No jobbar eg ikkje berre med pianoet, men med bevegelse, bilde, tekstar. Eg trudde ikkje eg kom til å gjere det då eg gjekk på NMH.

I Tekstlab jobbar dei aktivt med barn og unge, og stiller spørsmål ved kunst i ulike rom, fortel Susanne.

– Kor tilgjengelig er romma og korleis oppfattar vi dei? Vi er opptatt av at barn og unge skal komme som dei er, og at dei kan vere skapande på sine premiss. Har barnet mest lyst å lage ein dans – Ok! Så kan vi heller lage musikk til den dansen seinare om det er tid, som er mitt felt.

Og forresten – til våren byrjar Susanne på medisin. Draumen er å kombinere det å vere kirurg og kunstnar: – Eg vil sjå at eg kan bidra til noko positivt i samfunnet.

For Susanne vil at kunsten skal bety noko, at den må tørre å vere politisk. I eit soloprosjekt jobbar ho no dokumentarisk og biografisk med foreldra si flyktninghistorie frå Vietnamkrigen. Der utforskar ho den reisa musikalsk, og bearbeider på den måten si eiga historie.

Då ho byrja på NMH tenkte ho:

– Få andre har klart det, korleis skal eg klare det? Det er få musikkstudentar som er fleirkulturelle norske. «Og eg går ikkje eingong utøvande bachelor», tenkte ho.

– Eg er lærar, minoritetsbakgrunn, kvinne, skeiv – det å kome seg ut der virka som heilt umogleg. Men så var det faktisk mogleg – det var eit sjokk! Eg føler eg lever i ein draum. Eg jobbar med kunst, samarbeider med andre kunstnarar, utvidar nettverket mitt med andre fagfelt. Det er det eg drøymde om. Eg føler at eg gjennom det arbeidet med Tekstlab kan gjere verda til ein betre stad.

Susanne Trinh på benk foran vegg i rødt og svart

Eg fekk eit språk

Susanne synest det var for lite rom for diskusjonar rundt musikkens rolle i samfunnet i hennar studiekvardag på musikkpedagogikk ved NMH.

– Som statstøtta institusjon har ein eit ansvar for at ein er tilgjengeleg for alle i samfunnet.

Susanne skjønte tidleg at ho verken kunne eller ville vere konsertpianist, fortel ho.

– Det handlar ikkje om jantelova, men om krava som blir stilt.

Susanne har kjent ein fridom i å ha konsertar med sin eigen musikk, sin eigen kunst, på sin måte. Og at folk skal få vere på sin måte i kunsten er noko ho er særleg oppteken av.

Tidleg 2020, samtidig med pandemien, retta heile blikket mot ei anna sak i USA.

– Etter drapet på George Floyd innsåg eg så mykje om meg sjølv. Det var livsendrande for meg. Eg har heile tida gjennom oppveksten prøvd å vere norsk nok. Men så innsåg eg at eg hadde viska ut dei delane av meg som er vietnamesisk. Eg såg kva for nokre gongar eg var utanfor og innanfor, og at eg har hadde lært korleis eg skal vere for å kome meg innanfor.

Susanne stilte spørsmål til institusjonen ho sjølv var ein del av.

– Kvifor er det ikkje fleire fleirkulturelle studentar? Kvifor har eg ikkje blitt eksponert for fleire fleirkulturelle komponistar, eller komponistar som ikkje er kvite menn. Og kvifor hadde eg ikkje eit språk for å uttrykke kva eg følte rundt dette?

Etter drapet på George Floyd oppdaga Susanne ting ved seg sjølv, ho fekk eit språk for å uttrykke kjenslene rundt det, og såg at samfunnet lytta på ein annan måte enn før.

Mange har kjempa mot rasisme i lang tid, det er ikkje nytt i seg sjølv, påpeikar Susanne.

– Men det som er nytt er at folk lyttar. Vi går tilbake til normalen no, men vi går ikkje tilbake til slik som det var likevel – samfunnet forandrar seg, og vi ser jo no at ordet mangfald har fått ein annan status, mangfaldskompetansen er ettertrakta.

Susanne Trinh, portrett, med høstfargede trær i bakgrunnen

Tenkjer vi ikkje på mangfald, går vi glipp av talent

– I pandemien har eg prøvd å vere så politisk som eg kan. Fordi no lyttar folk. Eg byrja å tenkje kor utruleg stort det er at eg går på Musikkhøgskolen. Det er eit privilegium. Men det skal vere dei same krava for alle. Ein skal ikkje måtte jobbe hardare fordi ein har ein anna hudfarge.

Susanne fekk behov for å ta tak, for å løfte debatten og finne fram til eit språk rundt problematikken. Ho fekk etterkvart kontakt med CEMPE og arrangerte saman med dei panelsamtalar om kjønn, maktstrukturar og mangfald. I tillegg har ho tidlegare laga og kuratert Musikkhøgskolens barnekonsertserie med Johanna Scheie Orellana som framleis pågår.

– Eg meiner det bør vere ein del av samfunnsoppdraget – vi spelar jo for det same publikummet kvar gong. Eg fokuserer på barn og unge fordi dei er neste generasjons musikarar og publikummarar, og vi har eit ansvar for å eksponere barn for kva som skjer her på Musikkhøgskolen, og inkludere dei i kulturlivet.

Førre laurdag var ho mellom anna med å arrangere barnekonsert på biblioteket på Stovner med studentar frå NMH. Det å knytte Musikkhøgskolens barnekonsertserie med Deichman er noko ho gjer frivillig. Ho har forresten også skrive pianoboka Hausten på garden saman med Nora Klungresæter som nylig ble utgitt på Norsk musikkforlag, også med støtte frå CERM.

– Alle er einige om at musikken skal vere tilgjengelig for alle, men musikkarenaane er ikkje tilgjengelig for alle. Det er ikkje slik at alle føler seg heime i operaen slik som eg føler meg heime der. Og korleis skal vi gjere slik at dei som er som meg, eller er brunare enn meg, skal føle at dei har ein sjanse til å kome inn på Musikkhøgskolen?

Gjennom engasjementet har Susanne sett at det er mykje betre å jobbe innanfrå.

– For dagens debattklima gjer at alle utsegn om mangfaldsdebatten blir veldig polarisert. Så eg prøvde å forstå korleis Musikkhøgskolen fungerer, kva mekanismar kan eg jobbe med for å skape endring?

Tenkjer vi ikkje på mangfald, går vi glipp av talent, meiner Susanne

– Dersom det er fleire stemmer som slepp til, vil det gjere kunsten meir relevant og viktig for eit større publikum.

Susanne meiner at NMH og dei tilsette der må snakke om kva maktstrukturar som finst på skulen – kva studentar er det vi tek inn? Her må ein for eksempel sjå på kven som sit i juryen

– Dette har blitt forska på, ein tek umedvite inn søkarar som liknar seg sjølv.

Og det er ikkje så vanskeleg å jobbe med meir mangfald, meiner Susanne. Handlar det om ressursar, så finst ei rekke organisasjonar der ute: – Balansekunst, Interkultur, Norsk publikumsutvikling – for eksempel.

Susanne opplever at ho møter på mykje ansvarsfråskriving. Orkestera peikar på utdanningsinstitusjonane og dei igjen peikar på mangel på søkarar.

– Grunnen til at vi har blitt eit likestilt land, er fordi nokon har jobba aktivt for det. Og det skiftet kan gå fort, det ser vi i fleire land rundt om i verda.

Susanne Trinh, NMH-alumn, musikkpedagog og kunstnar
Susanne Trinh, portrett, med trær og gangvei i bakgrunnen

Ja, og «vi er jo det mest likestilte landet i verda» – du opplever at folk går i eit sjølvforsvar i staden for å tørre å ta tak?

– Ja, men grunnen til at vi har blitt eit likestilt land, er fordi nokon har jobba aktivt for det. Og det skiftet kan gå fort, det ser vi i fleire land rundt om i verda – det kan fort snu.

Inkluderinga går på mange felt – legg vi til rette for folk som har ei funksjonshemming? Folk med høyrselshemming? Folk på spekteret?

Du har mange konkrete forslag og initiativ, du er engasjert – opplever du at NMH har lytta til deg?

– Absolutt.

Ho er mellom anna takknemleg for drahjelpa ho har fått frå CEMPE og håper at ikkje det dei har bidrege med forsvinn når det blir lagt ned.

I tillegg er ho oppteken av at ein må tenkje langsiktig i arbeidet med mangfald og inkludering. Ho etterlyste arenaer der lærarar, tilsette og studentar kunne snakke om desse tinga.

– Eg har banka på mange dører, og var ikkje redd for å ta kontakt med professorar – «du skreiv denne doktoravhandlinga her, eg lurer på om du kan forklare meg dette her.»

Ikkje alle er like modige som Susanne at ein bankar på alle dører, men slik samtale bør vere ein meir naturleg del av kvardagen til både studentar og tilsette, meiner Susanne.

– Eg håpar at Musikkhøgskolen kan skape fleire arenaer der studentar, tilsette, forskarar kan debattere – og utveksle idear. 2022 er jo til og med skeivt kulturår og eg trur at NMH kan bidra mykje der, for eksempel.

Til slutt vil Susanne snakke til studentane som går på NMH no:

– Eg håpar at alle studentar veit at dei kan påverke – er det noko med studiet sitt ein er misnøgd med eller ynskjer endring på, så er det mogleg å gå i dialog. Du må ta kontakt. Ein har mykje kapasitet som student. Eg er glad når eg ser tilbake på studietida mi på NMH og ser kor mykje prosjekt eg har fått gjort. Ein treng ikkje å vere ferdig med å studere før ein skaper noko!

– Og så må du skrive at det berre er å ta kontakt med meg! Når som helst! Eg er så glad for alle som har vore der for meg og lytta til meg når eg har delt mine frustrasjonar, og det betyr veldig mykje å møte slike menneske.

Det er jo ein optimistisk tone å avslutte på.

– Ja, eg synest det er viktig å vere optimistisk! Det har gått i periodar, men ein må velje sine kampar, men så klart ein må vere optimistisk. Tenkjer ein at alt er håplaust, så gjer ein ingenting. Eg har så trua på denne generasjonen!

Artikler relevante