Gå til hovedinnhold
For ansatte Søk

– Musikken er ikkje eit tillegg til kyrkja, musikken er kyrkja

Her signerast avtalen som skal snu krisa.

Onsdag morgon sette dagleg leiar i Oslo domkyrkje og rektor ved Noregs musikkhøgskole (NMH) pennen til papiret, og eit formelt samarbeid blei inngått. – Eit samarbeid som skal redde kyrkjemusikken.

– Kyrkjemusikken skaper tru, han skaper håp og han skaper kjærleik.

Det sa Gard Sandaker-Nielsen, leiar av Oslo bispedømeråd, henvendt til forsamlinga i kunstkrypten i Oslo domkyrkje onsdag morgon.

Mangelen på rekruttering av nye kyrkjemusikarar er ein varsla katastrofe. Ein det vil ta tid å snu.

– Men det som er positivt er at alle vi som sit her, faktisk har styrke til å lykkast, sa Geir Rebbestad, dagleg leiar i Oslo domkyrkje.

Skal friste fleire til å studere

Avtalen mellom Oslo domkyrkje og Noregs musikkhøgskole skal sikre kyrkjemusikkstudentars tilgang til Domkyrkja, og til kompetansen som finst der.

Studentane skal få tilgang til instrumenta, dei skal få delta under gudsteneste, spele konsertar og ha korpraksis med kyrkja sitt kor. Elevane blir også tilbydde jamnlege forumtimer på orgelgalleriet i Oslo domkyrkje.

– Vi har vore for dårlege til å snakke om kor viktig kyrkja er som rekrutteringsbase for heile det norske musikklivet, seier rektor ved NHM, Astrid Kvalbein, som sjølv oppdaga musikken ved å synge i kyrkja.

Håpet med samarbeidet er å friste fleire til å søkje seg til orgelkrakken. Slik at ikkje galleria står tomme om berre nokre år.

Tar kyrkjemusikken for gitt

Fleire viktige gjestar møtte opp for å vere vitne til signeringa. Mellom anna Anders Bjørnsen frå Sparebankstiftelsen DNB, Kjetil Haga, kyrkjeverge i Oslo kyrkjelege fellesråd, Geir Grønnestad, nestleiar i Creo og leiar av Kyrkjerådet, Harald Hegstad.

– Vi har i lang tid tatt kyrkjemusikken for sjølvsagt. Organistane er jo berre der, og når presten kjem inn er det bestandig nokon som byrjar å spele. No roper vi om ei krise, seier Hegstad.

Han passa på å takke Noregs musikkhøgskole for alt dei gjer for Den norske kyrkje, og for det norske kulturlivet.

Takke gjorde også Gard Sandaker-Nielsen, for Domkyrkja sitt initiativ til samarbeidsprosjektet.

– Og for at de jobbar for å sikre at vi har ei levande, musikalsk folkekyrkje også om femti, hundre år.

Vi har i lang tid tatt kyrkjemusikken for sjølvsagt. (...) No roper vi om ei krise.

Harald Hegstad, leiar av Kyrkjerådet

Viktig å bevare trua

Fleire av dei oppmøtte fortalte i sine taler korleis dei sjølv tredde inn i musikkens verd ved å tre inn i eit kyrkjerom.

– For 42 år sidan gjekk eg inn døra til Domkyrkja da eg byrja å synge i Oslo domkor. Dei neste 25 åra var Oslo domkyrkje min anna heim, fortalte Anders Bjørnsen i Sparebankstiftelsen DNB.

– Denne saka betyr mykje for meg fordi eg veit kor viktig kyrkjemusikk er. Så lenge eg sit i Sparebankstiftelsen, skal eg støtte dette prosjektet.

Avslutningsvis, tok kyrkjeverge i Oslo kyrkjelege fellesråd til orde for framtidshåpet.

– Vi er her i dag først og fremst for å samle oss om moglegheitene. Det viktigste no, det er å bevare trua på at dette nyttar. Gode ting skjer berre der ein gjer ting saman, sa han.

– Dette prosjektet gir optimisme og framtidstru. La oss bevare engasjementet.

Les meir