Gå til hovedinnhold
For ansatte Søk

Meld deg på Holmenkoll-stafetten

To blå løpetrøyer / T-skjorter med NMH logo og påskriften "Moving music" og "Musikk beveger"
Deltakarane i Holmekollstafetten får ein slik løpeskjorte.

Stafetten i år er laurdag 9. mai 2026, og påmeldingsfristen for dei som spring for NMH er onsdag 8. april. Meld din interesse no, få ei fin løpeskjorte og bli ein del av NMH-laga.

Holmenkollstafetten er eit av Noregs største friidrettsarrangement og blir omtalt som vårens vakraste eventyr.

Vi håper å fylle plassane med løpeglade studentar og tilsette, uansett ferdigheits- og ambisjonsnivå. Påmeldingsfristen er onsdag etter påske – 8. april, men meld deg på allereie no.

Gratis

Arbeidsmiljøutvalget (AMU) sponsar påmeldingsavgifta. I tillegg får du din heilt eigne NMH-løpetrøye, med påskrift frå strategien: NMH musikk beveger.

To lag

Vi satsar på to lag. Det eine laget er litt meir konkurranseorientert, mens det andre laget løper for kosens skuld. Du vurderer eigen kondis og spesifiserer sjølv kva som passar deg best i påmeldingsskjemaet.

Nøyaktige tider for oppmøte, program, og så vidare kjem etter kvart.

Spørsmål?

Artikler relevante