Gå til hovedinnhold
For ansatte Søk

Kvalbein til Samtiden: Eit politisk villa skilje mellom «oss» og «dei»

– Kvalitet og mangfald vil lide ved institusjonen vår.

Sitatet kjem frå ein artikkel i tidsskriftet Samtiden (abo), og er henta frå ein panelsamtale som fann stad i samband med International Jazz Day i april.

Før jul vedtok regjeringa at studentar som kjem frå land utanfor EU og EØS skal betale skulepengar for å studere ved norske universitet og høgskular. Etter planen blir ordninga innført allereie frå hausen 2023, utan at eit regelverk førebels er på plass.

Det skapar uro både for institusjonane, og for dei internasjonale studentane. I tillegg er det eit stort tap for mangfaldet i kunstutdanningane, meiner Kvalbein.

Astrid Kvalbein på scenen sammen med tre andre paneldeltakere. På veggen bak står det "Fri kunst under autoritære regimer"
Kvalbein på scenen med Laila Bokhari, Sofie Marhaug og Celina Jerman Bright-Taylor under ein panelsamtale i februar 2023. Foto: Marte Fillan

Rektorane står saman

Kvalbein har gjentatte gongar fronta saka i media og ulike panel. Seinast i midten av mars gjekk ho saman med rektorane for Kunsthøgskolen (KHiO) og Arkitektur- og designhøgskolen (AHO), og skreiv ei ytring om korleis dette rammar kunstutdanningane. Innlegget blei publisert i Klassekampen 18. mars.

«Frå Noregs musikkhøgskole blei det nyleg sendt ut tilbod om studieplass til eit nytt kull masterstudentar. Av dei er over ti prosent frå utanfor EØS-området, og dei ligg slåande høgt oppe på rangeringane på så å seie alle studium, frå klassisk fiolin og klaver til skapande og improvisasjonsbaserte program. Alt tyder på at vi mister dei aller fleste» skriv dei tre rektorane i innlegget.

– Kvalitet og mangfald vil lide ved institusjonen vår. Det blir eit politisk villa skilje mellom «oss» og «dei»

Astrid Kvalbein til Samtiden

Saman med 20 andre rektorar ved statlege universitet og høgskular gjekk Kvalbein seinare i mars ut og bad om at ordninga i det minste vert utsett eit år eller to.

– Det blir overlate til oss å tolke reglar som eigentleg ikkje er ferdig utvikla. Det gjeld òg for lovendringane. Vi er i eit kaos på grunn av hastverket til regjeringa, seier Kvalbein ifølgje Samtiden.

I februar deltok Kvalbein i ein panelsamtale om kunstnarisk ytringsfridom under autoritære regime, i samband med SAFEMUSE sin konferanse Fri kunst.

Der nytta ho òg anledninga til å peike på kor viktig mangfald er i kunstutdanninga, og kor mykje fattigare vi blir om vi mister dei internasjonale studentane. Den bodskapen gjentar ho til Samtiden.

– Kvalitet og mangfald vil lide ved institusjonen vår. Det blir eit politisk villa skilje mellom «oss» og «dei». Det vil ramme kunstnarar spesielt at dette blir dyrt.

Vi gir oss ikkje: – It ain't over till the Storting sings

– Vi har jobba mykje med å fronte kritikken av innføringa av skulepengar. Både gjennom å spreie ytringar i #stoppskolepenger med studentorganisasjonene, og elles gjennom organisasjonane som er i kontakt med politikarane. No verkar det som at politikarane synst "skulepengar er litt synd", men at dei til slutt fell ned på å innføre noko ingen vil, i all hast. Det seier kommunikasjonssjef Ståle Tvete Vollan ved NMH.

– Vi er no budd på å sende ut triste brev med faktura til søkarar utanfor EØS, og freiste å gje råd om unntak i den nye ordninga. Men NMH vil halde fram med å åtvare politikarane om kor uheldig dette er, til 16. mai. Då går fristen i Stortingskomitéen ut, avsluttar Vollan.

Artikler relevante