Gå til hovedinnhold
For ansatte Søk

Strategi: Musikkhøgskolen og verda rundt

Ordsky med svar på spørsmålet: Nevn en/flere ting du er veldig stolt av på NMH? De største ordene er studentene, forskningen og kvalitet.

Korleis vil dei store samfunnstrendane verke inn på NMH i åra framover? Korleis samfunnet utviklar seg, må også spele inn når NMH planlegg framtida.

Meir om strategiarbeidet

Meir informasjon finn du på nettsida for strategiarbeidet. Følg med – og engasjer deg!

Strategiprosessen på NMH

Politisk uro

Internasjonalt lever vi i ei usikker tid, med krigar i Ukraina og Midtausten, politisk ustabilitet rundt USA og Kina og politisk polarisering. Konsekvensane merkar vi i form av sterkare vektlegging av sikkerheit og beredskap og problem med samarbeid over landegrensar – til dømes innan forsking.

Andre politiske konfliktliner utdanningssektoren vil merke, er handels- og utanrikspolitikken, der fare for nedskalering av brede internasjonale samarbeid kan gi meir regionalt samarbeid mellom land, og debatt om Noregs tilknyting til EU. Men EU er òg prega av uro og politisk polarisering.

Mykje tyder på at det er ei skarpare tone i den politiske debatten, også i Noreg.

Frå omverdenanalysen

Økonomi

Den ustabile politiske situasjonen og energisituasjonen i Europa har ført til ei sterk prisauke, og politikarane i mange land vil redusere det offentlige forbruket. Mange institusjonar merker at budsjettauken ikkje kompenserer for prisveksten, og ein må realisere nye satsingar med å omprioritere studieplasser og ressursar.

Dei statlege pengane går meir og meir til sikkerhet og forsvar og helse. Det er lite som tyder på at det vil kome fleire studieplasser innan kunstfag.

Frå omverdenanalysen

Demografi

Aldringa av befolkninga vil auke gapet mellom utgifter og inntekter på statsbudsjettet, noko som og vår sektor vil merke. Befolkninga mellom 19 og 66 år er venta å auke med 2 % fram mot 2035, og det vil innebere ein skarpare kamp både om studentar og arbeidskraft.

Auka levealder, fråflytting og sterkare aldring i utkant-Noreg, vil gjere at politikarane vil satse meir på utdanningar som sikrar kompetansen i distrikta.

Innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre utgjer ein stadig større del av befolkninga i Noreg – ca. 1,35. mill. i 2023 (SSB). Den gruppa der delen som studerer er høgast, er norskfødde med innvandrarforeldre. Unge med innvandrarbakgrunn synes i mindre grad enn resten av befolkninga å søke kunstfaglige utdanningar, inklusiv musikkutdanningar.

Teknologi og KI

I høgare utdanning kan ein bruke KI som støtte i avgjerder og til å gjere arbeidsprosessar enklare og meir effektive. Bruk av KI opnar òg for diskusjonar rundt fusk, læremiddel, samhandlinga mellom lærar og student, og om institusjonane er pålitelege som informasjonskjelde. Også arbeidslivet og praksisfelta studentane skal ut i er i endring. Diskusjonar om kva jobbar kunstig intelligens vil overta, har òg nådd kunstfaga.

Klima og miljø

Klimakrisa tvingar alle til omstilling. Ved utdanningsinstitusjonane må berekraft inn i den daglege drifta og føre til nye arbeidsformer og ressursbruk. Dette vil medføre endringar i korleis vi samhandlar.

Loven set rammer for institusjonanes utvikling og ressursbruk og er difor viktig i det strategiske arbeidet.

Frå omverdenanalysen

Lovar og reglar i endring

I 2024 blir mellom anna universitets- og høgskoleloven oppdatert med endringar knytt til studiestader, to-sensorordning på munnleg og eksamen i utøvande kunst, klarare formuleringar om akademisk fridom, midlertidige tilsettingar og norsk (eller samisk) som undervisningsspråk i høgare utdanning. Denne lova og andre lover som vedkjem oss vil bli oppdatert i strategiperioden. Ny UH-lov vil trå i kraft 1. august.

Artikler relevante