Gå til hovedinnhold
For ansatte Søk

Studieavgift frå hausten 2023

Ingen speler på desse trommene. Frå Lyden av Musikkhøgskolen 2017. Foto: David Engmo

Regjeringa i Noreg har bestemt at internasjonale studentar utanfor EU, EØS og Sveits skal betale studieavgift frå hausten 2023.

Handsaminga i Stortinget utsett til 7. juni. Utdanningskomiteen har (i følge Khrono 16. mai) signalisert at dei ikkje blir ferdig med innstillinga si innan fristen.

Noregs musikkhøgskole har, saman med rektorar frå andre universitet og høgskular, kjempa mot i høyringa og gjentatte gongar fronta saka i media og ulike panel.

Det er eit stort tap for mangfaldet i kunstutdanningane.

Astrid Kvalbein, rektor

Unntak

Blant dei som ikkje treng å betale studieavgift er mellom anna utvekslingsstudentar, statsborgararar i EU/EØS eller Sveits og dei som er student med permanent opphald eller som høyrer særleg til i Noreg på anna måte.  

Detaljar om studieavgifta

Kven treng ikkje betale? Korleis søke unntak? Kva vil studiet på NMH koste for studentane utanfor EU og EØS?

Les meir om studiavgift

Artikler relevante