Gå til hovedinnhold
For ansatte Søk

Statsbudsjett som forventa for Musikkhøgskolen

Illustrasjonskollage fra Regjeringen til statsbudsjettet 2025 med fjell, politi, helse, militære og barn.

– Statsbudsjettet for 2025 er som forventa. No som vi har jobba med omstilling i to år har Musikkhøgskolen god kontroll, seier rektor Astrid Kvalbein.

For 2024 fekk NMH 334 millionar, medan det blir 339 millionar i 2025.

– Ettersom vi alt har gjort effektive innstrammingstiltak på NMH, kan vi halde fram med å drive studium, kunstnarisk utviklingsarbeid og forsking av høg kvalitet innanfor den tildelinga vi har fått, seier rektor Astrid Kvalbein.

Bekymra over trenden

Rektor er samstundes uroleg for at kunstutdanningane kan få det tøffare framover, no som så mykje fokus ligg på forsvar, helse, teknologi og distriktspolitikk.

– Vi er mellom anna skuffa over at Griegakademiet ikkje er prioritert, og støttar Universitetet i Bergen i at musikkfeltet hadde fortent ei avklaring for 2025.

– Vi er skuffa over at Griegakademiet ikkje er prioritert, og støttar Universitetet i Bergen i at musikkfeltet hadde fortent dette i 2025.

Astrid Kvalbein
Portrett av Astrid Kvalbein med rektorkjedet. Alvorlig uttrykk

Statsbudsjettet i reine tall for NMH

  • Norges musikkhøgskole er i forslag til statsbudsjett for 2025 tildelt til saman 339,5 millionar kroner. Dette er ein auke på på totalt 5 millionar frå 2024
  • Lønns- og prisvekst er kompensert med 3,8 %, og det betyr 13 millioner kroner opp
  • Det som trekker mest ned er utfasing av nye studieplassar sidan pandemien, to rekrutteringsstillingar (stipendiatar), og resultatbasert uttelling - det vil seie produserte studiepoeng som gjekk noko ned.
  • NMH får også reduksjon på 1 million grunna omprioriteringar i sektoren. Dette er noko som alle universitet- og høgskoler får, og kallast "inndragningar til satsingar".
  • Omlag 0,8 millionar trekkast for reduksjon av studieavgift frå studenter utenfor EØS/Sveits, egenbetaling for gjentak av bestått eksamen, og reduksjon pga. færre Ukraina-studentar.
  • Departementet foreslår å redusere løyvinga til NMH med 32.000,- som oppfølging av regjeringa sitt arbeid med avtalar om leige av meir effektive kontorareal i statlege verksemder.

The state budget in pure numbers for NMH

  • The Norwegian Academy of Music, in the proposed state budget for 2025, allocated a total of 339.5 million kroner. This is an increase of a total of 5 million from 2024
  • Wage and price growth are compensated with 3.8%, which means 13 million kroner up.
  • What pulls most down is the phasing out of new study places since the pandemic, two recruitment positions (PhDs), and result-based payout - that is, produced study points that went somewhat down.
  • NMH also gets a reduction of 1 million due to re-prioritisation in the sector. This is something all universities and colleges get, and is called "withdrawals for efforts".
  • Approximately 0.8 million is deducted for a reduction of tuition fees from students outside the EEA/Switzerland, own payment for repetition of passed exams, and reduction due to fewer Ukraine students.
  • The department proposes to reduce the allocation to NMH by 32,000, - as a follow-up of the government's work with agreements on the rental of more efficient office space in state enterprises.

Artikler relevante