Gå til hovedinnhold
For ansatte Søk

Musikkhøgskolen er deltakar i POLYFON

NMH er blitt formell deltakar i POLYFON: Kunnskapsklynge i musikkterapi. Dette betyr at grunnlaget for nasjonalt samarbeid og eit nasjonalt løft på musikkterapiområdet vesentleg styrkt.

Begge utdanningsinstitusjonane i musikkterapifaget i Norge, Universitetet i Bergen og Norges musikkhøgskole, er no med i dette klyngesamarbeidet.

– Sterkare saman

Rektor Astrid Kvalbein seier at ho ser fram til at Musikkhøgskolen blir med på å prege kva det nye POLYFON skal vere:

– Resonnementet bak å melde oss inn er i utgangspunktet enkelt: Vi er sterkare saman. Ikkje minst i møte med politiske og andre styremakter, som stadig treng å bli minna om verdien av musikk som helseressurs, i alle slags liv. På den andre sida er det spennande å sjå korleis den kompetansen fagmiljøet på NMH har utvikla kan spele inn i den polyfone veven i klynga. Utvekslinga mellom Oslo og Bergen har vore rik lenge, så alt ligg til rette for givande samspel.

Forventingar til klyngesamarbeidet

Karette Stensæth, leiar for Senter for forskning i musikk og helse ved Musikkhøgskolen (CREMAH), seier ho har mange forventingar til klyngesamarbeidet, for musikkterapien men også for alle musikkfag ved NMH. Ikkje minst gjeld det samarbeid om forsking, både med kunstnarleg og vitskapleg innretning.

– Miljøa i Bergen og Oslo har ulike styrker, og begge kan nyte godt av eit samarbeid. Det er kanskje særleg interessant med samarbeid om mindre pilotprosjekt, som i neste omgang kan vidareutvikle seg til å bli større forskingsprosjekt med ekstern bevilging.

Fire prosjekt i gang

Som deltakar i POLYFON kan NMH-tilsette søke om midlar til slike pilotprosjekt. Og allereie på første forsøk har fire flotte NMH-pilotprosjekt fått støtte frå POLYFON. Tema for desse er:

  1. Digitale musikalsk fellesskap for å styrke sosial tilknyting og livskvalitet hos eldre.
  2. Stemmebruk og kjønnsinkongruens.
  3. Samarbeid mellom utøvarar og musikkterapeutar i musikkverkstad for unge asylsøkarar.
  4. Tverrfaglige digitale musiske tema-opplegg for barn og unge som brukar alternativ og supplerande kommunikasjon.

Artikler relevante