Christian Blex gjekk til topps i konkurransen under Award Concert Weekend under Salzburg-festivalen i Østerrike. Herbert von Karajans musikkpris er ein av dei viktegaste utmerkingane i klassisk musikk, og hadde i år 300 deltakarar frå 55 land. Blex mottok prisen av ein internasjonal jury leia av Manfred Honeck.
NMH-student tildelt prestisjetung pris i Salzburg
Tidlegare masterstudent i orkesterdirigering Christian Blex er tildelt Herbert von Karajans musikkpris.
– Å vinne Herbert von Karajan Young Conductors Award er eit utroleg privilegium og ei stor lykke.
Blex i ei pressemelding
Christian Blex er opprinnelig tysk og fullførte masterutdanninga si i orkesterdirigering ved Noregs musikkhøgskole i vår med Ole Kristian Ruud som lærar. Han har òg vore ein del av eliteprogrammet Dirigentforum, som er utvikla av Talent Noreg og Sparebankstiftinga. No er Blex assisterande dirigent for Gustav Mahler Jugendorchester.
Blex hadde avsluttande mastereksamen 25. april med KORK i Store studio. Konserten finst i opptak på NRK si nettside: