Gå til hovedinnhold
For ansatte Søk

Nordheims komponistpris til Jonas Skaarud

Komponist og NMH-alumn Jonas Lie Skaarud mottok Arne Nordheims komponistpris for 2026.

Prisen blei delt ut av Lubna Jaffery, kultur- og likestillingsminister, under konsert i Lindemansalen 18. september. Arrangementet var ein del av Ultima-festivalen.

Arne Nordheims komponistpris

Annakvart år blir Arne Nordheims komponistpris delt ut til ein komponist med ein original og aktuell kunstnarleg praksis i ånden til Nordheim. Det «nordheimske» handlar om ei kunstnarleg drift: å utvide kva musikk kan vere, å arbeide nyfikent med klang, rom, teknologi og instrument, og å våge å stå i det nye utan å bryte med tradisjonen.

Prisutdelinga finn stad på Noregs musikkhøgskole, ein institusjon med røter i Musikkonservatoriet i Oslo, der Nordheim sjølv studerte. I skolen si opne haldning til komposisjon og eksperiment finn vi ei levande vidareføring av denne arven, også i verka til noverande studentar Andrea Giordano og Martin Langerød, som blei framførte saman med Nordheims Tractatus under prisutdelingskonserten.

Mini-intervju med vinnaren

Korleis reagerte du da du fekk vite at du mottar Nordheimprisen 2026?

– Eg burde kanskje hoppa i stolen, ropt høgt og gråte av glede, men da juryleiar ringte, hadde eg sete med ein deadline heile natta, og reaksjonen var eit ganske sløvt «oi». Eg tilføydde at eg «eigentleg er veldig glad, sjølv om det kanskje ikkje høyrest sånn ut».

Eg elskar å lage musikk, og håper at prisen gjer det mogleg for meg å fortsetje med akkurat det.

Jonas Skaarud, komponist

Kan du seie noko overordna om verket vi fekk høyre på konserten, «The Quiet or Repose of Sleep»?

– Eg forsøkte å lage musikk heilt utan motstand, utan ein einaste overgang, og som badar i konsonansar, behagelege støylydar og stille – alt flyt i kvarandre i ei langsam kvile. Eg skreiv verket mens eg sleit med søvnproblem.

Kva betyr det for deg og virket ditt å vinne?

– Det er vanskeleg å seie kva sånne prisar har å seie for framtida, men det å stå på den lista over innflytelsesrike komponistar gir meg iallfall sjølvtillit! Eg elskar å lage musikk, og håper at prisen gjer det mogleg for meg å fortsetje med akkurat det.

Om vinnaren

Komponist Jonas Lie Skaarud (f. 1990) er opptatt av reduksjon og skrøpelegdom, stillstand og svake dynamikkar, og kombinerer utvida teknikker, prepareringar og mikrotonalitet med enkle og nedstrippa tonale strukturar. Musikken hans tar ofte utgangspunkt i omarbeidingar av historisk materiale som blir forsøkt gjenoppliva i en skrøpelegdomssestetikk der han tar frå kvarandre, dekonstruerer og set det saman igjen som relikviar i eit ekko frå fortida, fylt av slagg, støv og stille luft. Skaarud arbeider ofte med ikkje-lineære former, repetisjonar og sakte rørsler.

Han har hatt bestillingar i inn- og utland og skrive musikk for mange av Noregs mest profilerte samtidsmusikkensemble og -musikarar på festivalar som Ultima, Only Connect, Borealis, Festspillene i Bergen, Oslo Kammermusikkfestival og meir. Han vann EDVARD-prisen i 2018 for «(forthwith a change came over the waters) and the serenity became less brilliant but more profound» som han skreiv som student ved Noregs musikkhøgskole. Hans verk «The moon has set, dogs are sleeping» kom på 3. plass i Det Internasjonale Rostrum for komponistar i 2026.

Artikler relevante