Gå til hovedinnhold
For ansatte Søk

Søk på Artist as Teacher 2025/2026

Skjermdump frå IN.TUNE-video om kurset.

No kan du søkje om å delta på Artist as Teacher, eit kurs for lærarar i alle fasar av yrkeslivet.

Kurset er laga for undervisningspersonale ved dei åtte IN.TUNE-institusjonane, og samlar kollegaer for å utforske undervisningspraksis, rettleiingsstrategiar, tilbakemelding og vurdering, berekraftige karrierevegar og korleis vi lærer. Kurset legg vekt på kollegabasert læring, med metodar som intervisjon, gjensidige undervisningsbesøk og refleksiv praksis.

Programmet kombinerer fysiske samlingar ved konservatoriet i Haag med digitale møte.

Interessert?

Les heile utlysinga på heimesida til IN.TUNE (intune-alliance.eu).

Sjå video frå 2024/2025-utgåva av kurset, på botnen av sida.

Lokal søknadsfrist er 23. juni.

Søk om å delta

Kontakt NMH sin Institution Alliance Manager, Renate Hauge Sund, for å søkje om å delta.

Artikler relevante