Gå til hovedinnhold
For ansatte Søk

Presentasjonspilotane

Dei møttest på ein konferanse. No har dei starta eit kurs for å lære studentar korleis å halde presentasjonar, slik at også dei kan dra nytte av dei nettverksmoglegheitene konferansar kan gi. Når kurset startar i september, er sirkelen slutta – takka vere IN.TUNE.

Horisontal logorekke med logoene til IN.TUNE og EU.

– Mange prosjekt er in tune intellektuelt – presentasjonen treng berre litt finjustering.

Ram Reuven er førsteamanuensis i musikkteori ved Noregs musikkhøgskole. Engasjementet hans for faget er lett å merke når han snakkar, men det strekkjer seg òg utover sjølve musikken.

I Inkeri Jaakkola, universitetslektor i musikkteori ved Sibelius-akademiet, fann Ram ein medsammensvoren. Saman konstruerer dei og underviser i eit felles nettbasert kurs om konferansepraksis.

Å vere akademikar inneber ofte å presentere arbeidet sitt internasjonalt. Både Ram og Inkeri har deltatt på tallause konferansar verda over, fått kontakt med kollegaer, lært av dei og utvikla sine eigne presentasjonsferdigheiter i laupet av åra. Medan akademiske institusjonar tilbyr kurs i skriving, kjeldebruk, publisering og så vidare, har Ram lagt merke til at det finst færre strukturerte tilbod for trening i å halde presentasjonar.

– Så vidt eg veit, finst det ikkje noko formelt opplæringstilbod i akademisk presentering, seier han.

Det er eit tomrom dei vil fylle.

Verdien av å presentere

Som koordinator for den internasjonale masteren i musikkteori ved NMH har Ram byrja med sine eigne studentar, i tillegg til studentane til Inkeri i Helsinki.

Sidan prosjektet blir rekna som eit pilotprosjekt, meiner Ram det er lettare å finpusse det med ei homogen gruppe. Det endelege målet er likevel å utvide metoden til andre felt, slik at studentar innan andre musikkdisiplinar òg kan ha nytte av resultata. Han gir eit eksempel:

– I dag er det svært viktig å ha meir enn berre pianoet eller fiolinen din – til dømes ein gjennomarbeidd tale eller PowerPoint-slides. Dette kurset kan ein, med små variasjonar, tilpasse ulike presentatørar sine behov. Presentasjonsferdigheiter er heilt essensielt for alle i denne bransjen.

Presentasjonsferdigheiter er heilt essensielt for alle i denne bransjen.

Ram Reuven, førsteamanuensis i musikkteori

Som ein del av IN.TUNE håpar han å kunne dele det ferdige produktet med andre institusjonar i universitetsalliansen. Ein viktig ambisjon er å skape eit kurs som varer og kan bli repetert, ikkje berre eit eingongstilbod.

Å lære mekanismen

Ram understrekar òg verdien av å trene på kollegiale relasjonar i ein internasjonal kontekst.

– Det er ei svært viktig evne for akademikarar, akkurat som å forstå korleis konferansemekanismen fungerer, seier han.

– Du må vite korleis du skal søkje og presentere materialet ditt slik at det blir akseptert, om du vil stå på same scene som dei beste forskarane. Kva bør du gjere under sjølve konferansen for å få mest mogleg ut av han, og kva bør du gjere med materialet etterpå? Korleis kan du vidareformidle det?

Presentasjonar er ein av dei mest effektive måtane å skape framdrift på, fordi når du må forberede, oppsummere og kondensere, blir du tvinga til å gjere framsteg.

Ram Reuven

Inkeri og Ram har funne ut at den beste måten å engasjere studentane på, er å la dei bruke eigne masteroppgåver. Og Ram har inntrykk av at dagens studentar, som frå ung alder har sett mange videoar, tutorials og PowerPoints, allereie er ganske kompetente.

– Dei gjer det truleg betre enn generasjonen før dei. Men dei kan bruke ineffektive eller irrelevante verktøy, feilvurdere tidsbruken, eller ikkje heilt vite korleis dei kommuniserer med publikum.

Simulering

Kurset består av åtte økter, kvar på 120 minutt, og er heilt nettbasert. Dette sikrar at kven som helst kan søkje, uavhengig av institusjonen sin økonomiske situasjon. Etter den første rettleiinga og oppfølginga skal klassen simulere ein konferanse.

Studentane vil presentere si eiga forsking i eit strengt 20-minutts format og få rettleiing i korleis dei kan vere aktive publikumsdeltakarar og bidra til ein god diskusjon.

– Det dei forbereder, kan dei bruke seinare på ein ekte konferanse. Dessutan er presentasjonar ein av dei mest effektive måtane å skape framdrift på, fordi når du må forberede, oppsummere og kondensere, blir du tvinga til å gjere framsteg.

– Bra ting skjer

Ram peikar òg på språkdimensjonen – ikkje alle studentar er vane med å studere på eit anna språk enn sitt eige. Men sidan masterprogrammet i musikkteori på NMH er på engelsk, veit han at det er mogleg med litt trening.

– Dette er ein annan stor fordel – å få erfaring med å halde eit godt føredrag på engelsk.

Eg rår folk til å delta på konferansar, enten det gjeld akademia, kunstnarleg utviklingsarbeid eller andre former for kunnskapsdeling. Bra ting skjer der, og dette kurset er berre eitt godt eksempel.

Ram Reuven

Kurset startar i september, som det aller første av 16 IN.TUNE-finansierte «innovative tverrfaglege utdanningsformat» som blei søkte om og nøye valde ut av alliansen, tidleg i 2025. Og alt starta fordi Ram og Inkeri var med i ei gruppe som leita etter ein stad å ete lunsj medan dei deltok på nettopp – ein internasjonal konferanse.

– Difor rår eg folk til å delta på konferansar, enten det gjeld akademia, kunstnarleg utviklingsarbeid eller andre former for kunnskapsdeling. Bra ting skjer der, og dette kurset er berre eitt godt eksempel.

Artikler relevante