Sverkeli fortel om eit miljø der det er lagt opp til inkludering, uavhengig av bakgrunn. Mellom anna kjem dei fleste deltakarane frå låginntektsfamiliar, slik at ingen eig sitt eiga instrument – men det er ikkje noko hinder. Musikkinstrument blir delt ut til alle.
– Det er meint som eit fritidstilbod for barn og unge, fortel Sverkeli.
– Mange av dei har lite å finne på, så det var tenkt både som gratis musikkundervisning, men samstundes eit alternativ til kriminalitet og å drive dank.
Instrumenta er donerte frå USA, og er førebels i ymse tilstand. Dei er gjerne i så dårleg forfatning at det slett ikkje er sikkert at instrumentet ditt er stemt i riktig toneart. Men spele på dei, gjer elevane likevel.
– Det var hol i stortromma og bulkar i messingen. Dei var hardt skadde, gamle og slitte. Men dei fekk jo lyd, seier ho.
– Det er tankevekkande at ein verkeleg tek det ein får. Det er veldig, veldig bra at instrumenta vart sendt vidare istaden for at dei blir kasta – men det er jo heilt vilt, eigentleg.