Gå til hovedinnhold
For ansatte Søk

50 år med tillit

Hilde Ringlund spiller klaver med en oboist i front.
Hilde Ringlund speler med oboist. Frå år 2000.

Hilde Ringlund har heldt til på Musikkhøgskolen sidan 1972. Etter nærmare eit halvt hundreår har ho vore innom fleire roller, arbeidsoppgåver og bygg enn ho nesten kan ramse opp.

Dei var 291 studentar da Hilde blei tatt opp til den provisoriske Musikkhøgskolen i 1972.

Skolen blei ikkje formelt oppretta før i 1973 og var spreidd på eit utal forskjellige stadar i byen – rundt omkring og overalt, som Hilde kallar det. Ho var elev hos pianist og organist Hans Solum allereie på gymnaset, og fortsette hos han på Musikkhøgskolen. Etter kvart blei Robert Riefling læraren hennar.

Da ho avslutta diplomstudiet i 1977, var det framleis tolv år til bygget på Majorstua blei reist. Ho skulle likevel få nyte godt av dei nye lokala, sjølv om dei ikkje kom før etter ho var ferdig som student.

Hilde Ringlund og Jorunn Marie Bratlie står i Lindemansalen og smiler.
Hilde Ringlund på festkonsert i forbindelse 70-årsdagen hennar hausten 2023. Her saman med klaverkollega og konsertarrangør Jorunn Marie Bratlie.

Ho kjem stadig tilbake til flyttinga og kor fantastisk ho opplevde det, med ei etterlengta samlokalisering, nye flygel, god plass og topp standard.

– Vi var heilt på tuppa, seier ho.

Da råbygget var ferdig inviterte daverande rektor Harald Jørgensen til omvising.

– Så kjem vi til studio 211, eit stort og flott rom. Og Harald seier: «… og her skal ho Hilde bu.»

Der blei ho i 30 år, med splitter nye Steinway to gongar.

– Det er veldig mykje som opnar seg når ein har eit godt bygg med gode arbeidsforhold, og særleg det å ha alle under same tak.

Telegram med jobbtilbod

I dag kan pianistar søkje på ei rekke ulike studium, som utøving, akkompagnement, repetitør, kammermusikk, jazz og improvisasjon eller musikkpedagogikk. For 50 år sidan fants det berre eitt tilbod på kandidatstudiet – klaverpedagogisk utdanning.

– Det første eg oppdaga da eg byrja som student, var kor utruleg morosamt det var å spele saman med folk, seier ho – sjølv om ho enno ikkje hadde nokre tankar om å bli akkompagnatør. Men da ho var ferdig med utdanninga, blei ho tilsett direkte som nettopp det.

– Eg kan ikkje verifisere det, men eg trur det var første gong det var utlyst ei 100 % stilling som timelærar i akkompagnement på Musikkhøgskolen.

Hilde Ringlund sitter i Lindemansalen og åpner armene mot musikerne på scenen.
Heidersgjest på overraskingskonsert. Sjå fleire bilete frå festkonserten nederst på sida.

Ho var på kammermusikkurs i Sveits da ho mottok den gledelege beskjeden.

– Eg fekk telegram frå min far om at eg hadde fått jobben, seier ho.

Skaffa seg peiling

Det var drøymejobben, men heilt utan grenser for kor mykje arbeid han innebar. Å seie nei til studentane var vanskeleg, særleg i starten, syntest ho.

– Skolen var jo så ny og det var fantastisk å vere med heilt frå starten. Det var ein sånn entusiasme, og folk var ivrige og ville gjerne gjere det lille ekstra.

Sånn blei det for Hilde også.

– Men det første året hadde eg – hald deg fast – 60 studentar! Heilt grenselaust mange.

Om eg skal seie noko om kva eg har forstått gjennom tidene, så er det den utrulege tilliten eg har kjent på.

Hilde Ringlund Pianist
Portrett i profil av Hilde Ringlund som ser opp i taket.

Det endte med at ho sjølv fekk ansvar for å organisere akkompagnatørane. Dei fleste timelærarar i små stillingar.

Ho har sidan vore både fagrådsleiar, fagseksjonsleiar, styremedlem, leiar for kunstutvalet og ikkje minst prorektor i sju år i Peter Tornquists rektorat. I tillegg til samspel med tallause studentar, undervisning i andre fag og oppstart av nye fag på eige initiativ.

– Om eg skal seie noko om kva eg har forstått gjennom tidene, så er det den utrulege tilliten eg har kjent på.

Ho beskriv kjensla av å ikkje ha peiling, men å bli trudd på av andre.

– Og så fekk eg vel litt meir peiling etter kvart.

– No trylla eg!

Engasjementet som finst mellom veggane på NMH meiner ho er heilt unikt – enten det er for eller imot noko.

– Eg kan snakke i mange år om kor fantastisk denne arbeidsplassen er. Ei sånn vilje til å gje som eg har sett hos kollegiet …

– Akkompagnatørrolla kan vere ganske krevjande, med forventningar om at ein eigentleg skal kunne trylle, seier ho og legg til: – Og nokon gongar har eg faktisk opplevd det, at no trylla eg!

Akkompagnatørrolla kan vere ganske krevjande, med forventningar om at ein eigentleg skal kunne trylle. Og nokon gongar har eg faktisk opplevd det, at no trylla eg!

Hilde Ringlund Pianist

Akkompagnatørar har gjerne eit svært repertoar, og sidan repertoarverda er tilnærma uendeleg stor, kan det bli særleg mykje å øve nok til at det kjennest bra. Og med ei veksande studentmasse blei behovet for akkompagnatørar enda større. På eit tidspunkt spelte ho 14 konsertar i løpet av eksamensvekene.

– Ein må setje seg inn i musikken, bli kjent med han og med studenten. For når vi går på podiet for å spele konsert, da skal studenten føle seg trygg.

Uansett kva anna ein driv med, er det studenten som skal komme først, meiner ho.

– Det synest eg studentane skal vite, sjølv om det kanskje ikkje alltid kjennest sånn.

Samarbeidet med hovudinstrumentlærarane er noko Hilde trekkjer fram spesielt.

– Eg blei nesten ein del av klassene, fortel ho.

Kjell Tore Innervik, Liv Glaser og Hilde Ringlund spiller vibrafon sammen.
Hilde Ringlund i samspel med slagverkar Kjell Tore Innervik og pianistkollega Liv Glaser i kjellarlokalet som på huset berre er kjent som «Havanna».

Er det nokre spesielle samspelpartnarar du hugsar ekstra godt?

– Oboklassa. Erik Njord Larsen er ein fantastisk musikar og ein flott lærar. Og han var overlukkeleg for å ha ein pianist der!

Andre namn ho nemner er fløytist Ørnulf Gulbransen og cellist Frans Helmerson.

– Eg kunne ramsa opp mange gode kollegaer eg samarbeida mykje med, mimrar ho.

Ingen mistanke

Da Østlandets Musikkonservatorium fusjonerte med Musikkhøgskolen, fekk Hilde plutseleg fire nye kollegaer i akkompagnementsverksemda. Ein seinare milepæl var da andre hus kom i 2007, og ho var prosjektleiar for opninga.

– Det var ei skikkeleg festveke, altså.

Hilde blei etter kvart fagseksjonsleiar for klaver, akkompagnement, gitar og akkordeon – ei diger gruppe på 53 tilsette. Igjen beskriv ho kjensla av tillit. Hus og folk, rett og slett, oppsummerer ho som det grunnleggjande for alt.

24. november 2023 heldt pianistkollegaene overraskingskonsert til ære for Hilde, som nyleg hadde fylt 70 år. Trass at ho hadde fått beskjed om å halde av datoen, mistenkte ho ikkje at ho sjølv var heidersgjest.

– Det første eg så var nokre av mine beste venninner, som stod der med flagg og skulle lage god stemning, fortel ho. – Det var overveldande både med konsert og videohelsing frå mine svenske pianistkollegaer, og ei poetisk festtale frå Tor Espen Aspaas.

Ho beskriv den noverande akkompagnementsstaben som veldig god.

– Og no kan eg skryte så mykje eg vil, for eg har ikkje noko ansvar lenger, ler ho og rosar etterkommarane Gunnar Flagstad og Lina Braaten opp i skyane.

Artikler relevante