Albert trur – og håpar – at perspektiva utanfrå var med på å gi studentane ny innsikt dei kan bruke i si eiga utvikling og det han beskriv som det framifrå arbeidet dei gjer saman med lærarane sine.
– Eg må understreke venlegheita til dei tre NMH-professorane, som oppmuntra meg til å dele inntrykka mine fritt etter eksamenskonsertane, både med dei og direkte med kandidatane etterpå.
Lagånd
Den erfarne fløytisten nemner også samarbeidet internt mellom lærarane på NMH, og beskriv det som eit tydeleg eksempel på teamwork.
– Dialogen mellom professorane etter kvar konsert var veldig interessant for oss alle, idet vi samanlikna og diskuterte ulike synsvinklar på tekniske og musikalske aspekt.
Han seier han ønsker å utvikle dette meir på Esmuc.
Teori vs. praksis
Ein viktig forskjell mellom modellane til dei to institusjonane er kravet om at studentane leverer eit forskingsprosjekt på slutten av utdanninga. I Barcelona gjeld dette også for bachelorstudentar, mens det på NMH er berre er for masterstudentar.