16 innovative tverrfaglege utdanningsformat er blitt valde ut etter utlysninga hausten 2024. I laupet av dei neste to og eit halve åra vil desse formata bli utvikla, testa og implementerte gjennom samarbeid på tvers av land, og gi studentane fleksible læringsmoglegheiter og alternative utdanningsvegar. Utvalet inkluderer åtte felles nettbaserte kurs, fire Blended Intensive Programmes (BIPs), to felles modular og to felles studieprogram.
16 nye undervisnings-format

Universitetsalliansen IN.TUNE har valt ut 16 prosjekt til utvikling av nye undervisningsformat. NMH leiar prosjektet «Joint Online Course for Conference Practices».

Utveljingsprosess og kriterium
Utlysinga var forma for å støtte IN.TUNE sitt engasjement for transnasjonalt samarbeid innan musikk- og kunstutdanning. Initiativet oppfordra til nye perspektiv og metodar i undervisning og læring, med fokus på å fremme samarbeid mellom partnarinstitusjonane. Alliansen inviterte til eit breitt spekter av tema, inkludert musikk, media, utøving, improvisasjon, komposisjon, musikkpedagogikk, dirigering, musikkvitskap, musikkteori, musikkproduksjon, entreprenørskap, arbeidslivsrelevans, musikarhelse og musikkformidling. Komiteen la spesiell vekt på tilnærmingar som integrerer fleire fagområde og perspektiv.
Totalt sende heile alliansen inn 64 forslag av høg kvalitet. Geografisk og tematisk balanse var viktige vurderingskriterium, og studentane spelte ei sentral rolle, mellom anna som rådgjevarar i utviklinga av forslag, og som likestilte medlemmar i utvalskomiteen.
Utvikling og implementering
Kvar partnarinstitusjon vil leie minst eitt -av dei valde utdanningsformata og samtidig delta i andre prosjekt. På sikt vil formata bli integrerte i fagtilboda til institusjonane, vere opne for studentopptak på tvers av alliansen, og bidra til fleksible læringsvegar på tvers av landegrenser.
Utdanningsformata som blei valde
Blended Intensive Programmes (BIPs)
- European Jazz Project (Barcelona)
- Immersive Sound in Live Performance (Paris)
- Shared Resources for Healthy and Optimal Performance (Wien)
- Socially Engaged Musicking (Wien)
Felles online-program
- Bridging Theory & Practice in Instrumental/Vocal Teaching through Innovative Online Modules (Haag)
- Creative Communication Skills for a Sustainable Music Career (Wien)
- EchoLab: 19th-Century Performance in Practice (Haag)
- Joint Online Course for Conference Practices (Oslo)
- Methods of Artistic Research (Beograd)
- Musicians' Health (Helsinki)
- Sacred Soundscapes: Exploring Europe's Musical Heritage (București)
- Theory of Harmony Based on Examples by 19th-Century Women Composers (Wien)
Felles modular
- IN.TUNE European Choir (Paris)
- Joint Module Development in Electroacoustic Performance Practices (Helsinki)
Felles studieprogram
- The ECMAster Renewed (Haag)
- The Music Master – A joint programme across performance, music theory, and music pedagogy (Haag)