Gå til hovedinnhold
For ansatte Søk

Ombyggingar og opprustingar

Et tomt auditorium med stolrader og podium.

I år og neste år skal fleire rom og areal bli betre og meir tilpassa studentane sine behov og tida vi lever i.

Bygga i Slemdalsveien 11 er dimensjonert for 465 studentar, men vi har hatt ein auke i studenttalet på over 50 % sidan 2008. Fleire studentar og stipendiater fører til høgare og meir mangfaldig aktivitet. I 2022 og 2023 har NMH fått ekstra løyving og sett av pengar for å oppgradere og bygge om rom for undervisning.

Blant prosjekta er å gjere «Bevegelsesrommet» om til ein black box, bygge om elektrofonistudioet og ruste opp Auditoriet, Lindemansalen og Levinsalen med betre teknisk utstyr. I tillegg blir kantina og garderobeområdet i kjellaren bygd om.

Kantina

Kantina blir pussa opp denne sommaren. Både kjøkkenet og salsområdet blir nytt. I sitteområda kjem det nye møbler og ny lyssetting. Det er også planer om at det blir utemøblar, slik at du kan ta med maten ut når det er godvêr.

Derfor stenger kantina 13. mai i år, men SiO ser på moglegheit for eit alternativt mattilbod i eksamensperioden. Kantina skal vere ferdig til studiestart hausten 2022.

Arkitektkontorets planer for ombygging av kantine. Fugleperspektiv på en plantegning.
Skisse av korleis kantina kan sjå ut. Tekning: ACE creative arkitektkontor.

Garderoben

I kjellaren i 1. hus kjem det nye garderobeskap.

  • Derfor må skapa vere tømde seinast 15. juni.

Lageret innafor blir oppbevaringsrom for store instrument. Dette oppbevaringsrommet får kortleser, og Studentutvalet (SUT) skal styre tilgangen. «Bomberommet» blir pussa opp, og det blir nye garderobeskap i heile dette rommet. Garderobeområdet skal vere klart til studiestart.

Bevegelserommet til black box

Ei ombygging og oppgradering av bevegelsesrommet (rom 025) til ein «black box» vil etter planen skje gjennom sommaren 2023, slik at eit nytt rom står klart til studiestart hausten 2023. Statsbygg er prosjektleiar, og vi er no i forprosjektet.

Rommet skal ha har svarte veggar og tak, med scenerigg i taket, elektronisk justerbart klanganlegg og med dempa akustikk slik at ein også kan ha orkester, og ensembleprøver med forsvarleg lydnivå. Rommet skal få topp moderne installasjonar for projeksjon, kameraanlegg, LOLA med meir. Det vil difor egne seg for både digital og fysisk aktivitet.

Oppgraderinga skal ikkje vere til hinder for undervisning og rørsleaktivitet, sjølv om rommet i framtida ikkje vil vere egna til ballspel og liknande.

I skissefasen til prosjektet var det eit ønske om å få eit fullskala preproduksjonsrom med moglegheit for PA/LYD-produksjon. Dette kan diverre ikkje bli noko av fordi bygget i seg sjølv er konstruert slik at det ikkje går an unngå lydlekkasje.

Ein eigen prosjektgruppe og styringsgruppe for dette prosjektet, der både studentar og tilsette representantar frå fagforeiningane og leinga er med, skal lande konkrete løysingar for rom 025 etter at forprosjektet er ferdig i mai.

– Vi har stor tro på denne oppgraderinga, og ser fram til å kunne tilby eit heilt nytt stort og fleksibelt rom, med nye fasilitetar på NMH frå hausten 2023.

Lars Holmen Kurverud, produksjonssjef NMH

Auditoriet

Auditoriet har fått nytt AV-anlegg med ny projektor, nye høgtalarar, kamera og nytt styringssystem. Rommet har fått installert eit såkalla Voicelift-system, som gjer at eit automatisert anlegg løftar talelyd frå sal til scene og frå scene til sal, uten bruk av mikrofoner. Dette systemet står alltid på, og skal berre gi eit bittelite løft. Dette løftet skal ein helst ikkje høyre at skjer – men leggje merke til om det ikkje er der. I tillegg kan vi bruke mygg og mikrofon som tidlegare.

Denne oppgraderinga har gått føre seg ein stund, og er snart ferdig. Rommet vil på sikt kunne bli knytt til Panopto-systemet (video) med moglegheit for opptak av førelesingar og aktivitetar, strøyming med meir. Men dette er ikkje klart enno.

Elektrofonistudio

Elektrofonistudioet blei bygd i 1990, og sidan då har nytt utstyr og ny programvare revolusjonert måten vi arbeider med musikk på. Studioet vil gi studentar og lærarar eit heilt nytt tilbod og moglegheiter for Live Electronics og bruk av media, video, undervisning i utøvande musikk, performance og forsking. Ombygginga skal vere ferdig i april.

Lindemansalen og Levinsalen

I Lindeman er det også eit forprosjekt i gang på scenemekanikk og installasjonar. Vi planlegg å tilpasse lyd- og lysinstallasjonane i salen for å gi meir fleksibilitet og betre lyd, lys og bilde. Dette gir fleire moglegheiter i undervisning og forsking, gir auka profesjonalitet og sikkerheit ved arrangementa våre. Sceneprosjektet i Lindemansalen skal vere ferdig sommaren 2023.

I Levinsalen vil det òg skje fleire oppgraderingar med ny projektor, LED-scenelys med meir. Ny fast PA i taket er allereie på plass.

En tom Levinsal som venter på publikum med mange tomme stoler.
Levinsalen. Foto: Jiri Havran.

Spørsmål?

Kontakt produksjonssjef Lars H. Kurverud om oppgradering av scener og saler. Kontakt driftssjef Robert Haugan om kantina og garderobeområdet.

Artikler relevante