Gå til hovedinnhold
For ansatte Søk

Med folkesongen som ryggrad

Frå folkemusikk-festivalen LIKRE i 2025.

Som Musikkhøgskulens første folkesongstudent måtte Unni Løvlid vere med på å bygge opp studieplanen for folkemusikkutdanninga. – Å ta ansvar, bidra og vere sjølvstendig er ein presang, seier ho.

Allereie som lita visste Unni Løvlid at ho ville ha eit liv i musikken. Dei sterke møta med læremeistrane heime i Hornindal, og vennskapet til menneska og kjærleiken til songane som ho utvikla der, førte ho vidare inn i verda av folkesong.

I dag er Unni leiar av folkemusikkstudiet ved Noregs musikkhøgskule, ein jobb ho har på niande året. Ho er ein studieleiar som har sett inn sofagruppe på kontoret sitt og døypt det om til folkemusikkstova. To gonger i semesteret arrangerer ho folkemusikkfrukost der.

Og ein viktig del av det daglege arbeidet hennar er å vite korleis studentane har det.

– For meg er folkemusikk større enn den konkrete musikken. Det er også det mellommenneskelege, fleirgenerasjonsmiljøet og historieforteljinga. Ein større sum. For meg er folkesongen ein ryggrad i livet, seier ho.

To sider av samme rolle

I 1996 blei Unni tatt inn som den første studenten på folkesong ved NMH. Ho hadde også søkt året før då studiet skulle etablerast, men då strauk ho på gehørprøva.

Det førte henne til Toneheim folkehøgskule, og i dag er ho takksam for året ho fekk der. Ho trengte litt tid på å modnast. For å vere prøvekanin på eit heilt nytt studium krev sitt, noko me kjem tilbake til.

Som søkjar til NMH, blei Unni fortalt at ho som folkesongar måtte ho søke seg inn via musikkpedagogikken. Det utøvande studiet var berre for fele- og hardingfelespelarar. Men det var heilt greitt for Unni.

– Det var det studiet eg hadde lyst til å ta, for å bli lærar var kanskje den største draumen min, fortel ho og legg til:

– Det å vere folkesongar og det å lære frå seg, det er nesten ei og samme rolle.

Men det var relativt tilfeldig at Unni i første omgang havna i NMHs korridorar. I gangane på musikklinja på vidaregåande låg det ei brosjyre for skulen. Men Unni kjente ingen som gjekk eller hadde gått der.

Ho visste kven Sven Nyhus var, gjennom spelveninna si Liv Merete Kroken som hadde tatt timar hos han. I tillegg hadde ho møtt dottera til Sven, Åshild Breie Nyhus, på kappleikar.

Sven Nyhus var den første leiaren av folkemusikkstudiet.

– Sven var veldig flott. Han inviterte folk inn til oss, fekk oss ut på oppdrag. Det var fleire på huset som heldt på med folkemusikk på ein eller annan måte, og me hadde mange sosiale samlingar med studentar frå dei ulike retningane. Det var alltid nokon å sitte med i kantina.

Etter kvart kom det også inn folk som tok master, som hadde bachelor frå ein annan stad eller studieretning. Så miljøet rundt folkemusikken vaks sakte, men sikkert.

– Eg har ein draum om at folkemusikk skal bli likeverdig alle andre sjangrar innad i akademia og elles i samfunnet.

Unni Løvlid

Bygde studieplan – og miljø

Likevel var studiet ferskt. Saman med dei to studentane på året over, Vegar Vårdal og Patrick Andersson, måtte Unni vere med å utvikle studiet mens det pågjekk.

– Verken me studentane, lærarane eller NMH hadde nok førestilt seg kor stort det var å ta folkemusikken inn i ein etablert institusjon. Eg hugsar særleg Vegar gav Sven råd i å bygge ein studieplan. Eg gjorde det på musikkpedagogikk-sida, seier Unni.

– Men dette med å ta innover seg den faglege og kulturelle forskjellen som ligg i folkemusikken kontra andre sjangrar, om kva som blir undervist, kvifor og korleis, det var ein refleksjon som ein først måtte gjere erfaringar på og så justere og utvikle etter kvart. Det er ein prosess som me framleis held på med og som må få lov å ta tid.

Trass i at ho blei ein slags prøvekanin på studiet, ville ho ikkje ha gått der seinare.

– Det var eit hardt studium, men eg elska det. Og frilanslivet er ikkje mindre hardt, så det å vere vant til å ta ansvar, bidra og vere sjølvstendig, det tenkjer eg eigentleg er ein presang.

Likevel trur ho ikkje alle hadde tolt den reisa ho, Vegar og Patrick tok.

– Var du nokon gong i tvil om at du hadde valt rett?

– Nei, ikkje på det med å bli lærar eller gå vidare med folkesongen. Likevel kunne det nokre dagar vere for tøft. Men eg har alltid vore flink til å ha nokre få veldig gode venner, så eg bygde meg mine miljø, både innanfor NMH og utanfor. Og så turnerte eg veldig mykje. Så det å vere ute i feltet, møte ulike menneske og lage musikk, det var veldig viktig.

Sven Nyhus spiller fele med et uklart glass i forgrunnen.
Sven Nyhus, den første som leia folkemusikkstudiet på NMH. Foto: Pål Audestad

«Berre ein folkemusikar»

På den første interpretasjonstimen som masterstudent, i 2000, var Unni den einaste folkemusikaren i rommet. Ein medstudent hadde akkurat spelt eit stykke av Geirr Tveitt, og Unni rakk opp handa og foreslo at pianisten burde høyre innspelinga av slåtten stykket var bygd på.

Professoren kikka på henne og spurte så ut i salen: «Kva gjer ein folkemusikar her?».

Ein annan episode utanfor øvingsrommet som Unni hugsar godt, og som vekka noko i henne, var etter ein diskusjon med ein medstudent. Unni hadde uttrykt frustrasjon rundt institusjonen, samfunnet og utanforskap. Medstudenten svarte: «Unni, uansett kva du gjer, så er du berre ein folkesongar».

– Kva gjorde slike situasjonar og kommentarar med deg?

– Eg opplevde meg sjølv som fri og privilegert. Eg blir trygg av å ha alle typar musikk rundt meg, då er det akkurat som at min folkemusikk dett på plass i ein større heilskap. Men då ikkje alle rundt meg hadde same haldning, var det som at eg fekk ein boks som ikkje stemte heilt med mi tankeverd. Så då måtte eg berre prøve å analysere og sette ord på det, og ikkje akseptere den boksen, men fortsette å leve den nysgjerrigheita og fridomen som er meg.

– Evna mi til å ta imot musikk utvikla seg gjennom å vere nysgjerrig på andre. Det var også ei god trening i det å ta pause frå seg sjølv.

Unni Løvlid

På konsert kvar dag

Unni heldt fram med å vere «berre ein folkesongar», i vissa om at dette var nok. Ho bestemte seg tidleg for å høyre til. Både på Musikkhøgskulen og i samfunnet generelt.

– Viss eg skulle høyre til, måtte eg kunne litt om alt som var rundt meg, seier Unni.

Ho oppsøkte konsertar med friimpro, solo tuba, klassisk saksofonkvartett. Kva som helst. Ho ville at alt skulle bli del av musikk ho kunne ta imot og finne kreativitet i.

Ho gjekk på konsert kvar dag. På NMH var og er dette veldig tilgjengeleg, fortel ho. Etter ein lag dag med øving, kunne Unni berre opne ei dør til ein konsertsal og setje seg ned i 10 minutt eller ein time. Andre gonger reiste ho ut av huset og hang i alt frå filharmonien til Smuget.

– Å oppsøke flest mogleg miljø var viktig for meg. Eg opplevde å bli inkludert, og evna mi til å ta imot musikk utvikla seg gjennom å vere nysgjerrig på andre. Det var også ei god trening i det å ta pause frå seg sjølv. Det tenkjer eg er ein viktig eigenskap når ein jobbar med musikk. Ein kan bli litt for sjølvsentrert av og til.

Dette var noko ho tenkte bevisst om allereie tidleg i 20-åra.

– Det høyres ut som du var ein moden student.

– Eg var sikkert ein vanskeleg student.

– På kva måte?

– Eg har i karakterboka mi frå sjuandeklasse at eg var nebbete i timen. Det er fordi eg stiller spørsmål ved det meste. Ikkje som kritikk, men fordi eg har lyst til å forstå.

I motsetnad til studentane i dag, hadde ikkje Unni ein lærar som samla trådane for henne og hadde det overordna blikket på studieløpet. Unni reiste rundt til alle dei store folkesongstjernene. Og viss ein lærar gav henne materiale som ho ikkje var interessert i, så lytta ho på det, men det var ikkje sikkert at ho lærte seg det.

– Eg kunne kome tilbake på time, og så hadde eg lært tre andre songar. Men då kunne ikkje læraren seie noko, for eg hadde jo jobba. Så eg var nok ein litt vanskeleg student.

Panelsamtale under folkemusikk-festivalen LIKRE i 2025. F.v.: Anne Hytta, Unni Løvlid, Håkon Høgemo, Joan Gatti.

Lærarar å lytte til

Likevel har Unni eit stort repertoar som famnar geografisk breitt. Ho kan stev frå Setesdal og bånsullar frå Gudbrandsdalen, utan at ho nødvendigvis brukar det som ein del av det aktive repertoaret sitt. Men ho skjønte tidleg at det var mykje å hente i andre tradisjonar enn sin eigen.

– Kven er eg i møte med det nye? Å sjå kva som er Hornindals-tradisjonen er heilt umogleg når ein står midt inni den stormen. Men i møte med setesdalstradisjonen, eller songar frå Solør eller dei svenske tradisjonane, så blei det tydeleg for meg kva særtrekk som var i Honindal og kva som ikkje var der, seier ho.

– Så det blei nesten som eit metodisk materiale å få lære dei andre tradisjonane. Og det er materiale eg på ekte er glad i. Eg kan ta meg sjølv i å synge «Lill Lisa» eller ein anna ballade frå ein stad når eg er ute og går. Det er jo fordi dei er ein del av kroppen min. Ein del av livet. Men eg vil nok ikkje bruke dei på konsert.

Å lære repertoar var likevel ikkje det viktigaste. Nokre av dei ho fekk lære av, var ho mest interessert i å prate med, lytte til. Ei av dei var Kirsten Bråten Berg, som levde som profesjonell folkesongar. Kva betydde det, korleis var det livet? Å få sjå 10-15 år fram i tid var spennande for ein ung student.

Susann Rosenberg i Stockholm var ei anna Unni besøkte. Ho lærte nokre songar, men mest av alt ville ho berre lytte til henne.

Eit anna enkeltmenneske som Unni trekkjer fram frå studietida er Svein Bjørkøy, som var professor i klassisk song.

– Han var den første som torde å hjelpe meg med muskelspenning. Andre var redde for å øydelegge noko som var «naturleg». Men det er ikkje naturleg å vondt i kjeve og strupe, og ikkje klare å puste. Svein gav meg eit språk og refleksjon på vegen mot å synge sunt, men behalde den eg allereie var, fortel Unni.

– Det å vere folkesongar og det å lære frå seg, det er nesten ei og samme rolle.

Unni Løvlid

– You should all learn form her

Det var på 90-talet mange som hadde fordommar mot folkemusikken innanfor institusjonens veggar. Ikkje av vond vilje, men fordi dei ikkje hadde kunnskap nok.

Unni fortel om ein episode frå ein masterclass der ho song for den kjende songpedagogen Oren Brown. Ho var invitert til ein fullsett Levinsal som den som representerte noko anna, i eit rom fylt med klassiske songarar, både profesjonelle og studentar.

– Etter at eg hadde sunge, sa Oren Brown: «This is perfect, you should all learn from her». Halve salen blei rasande og den andre halvdelen jubla medan eg stod der med spenningar i kjeve og strupe, og tenkte at «nå kjem eg til den mest kjende songpedagogen i verda. Han må kunne hjelpe meg.»

Unni blei kjempeglad, for noko liknande hadde han berre sagt til ein person i Noreg før, og det var Sissel Kyrkjebø. Men samstundes kjende ho på ei sorg over at han ikkje såg henne.

Kjensla blei ikkje betre av at det etterpå kom bort ein lærar som sa: «Og så du då, Unni, som ikkje treng å øve ein gong».

– Det var så vondt. Og då hadde eg det så vondt frå før også. Eg veit at når folk seier slikt, så er det ikkje for å vere slemme. Det er mangel på kunnskap, seier Unni.

Men ho heldt fram med å gjere jobben i å høyre til overalt. At ho var i alle miljøa, gjorde at folkemusikken blei inkludert av fleire. Då Unni som student gav ut plata «So ro liten tull» inspirerte det Maja S.K Ratkje til å skrive verket «Ro/uro», fortel ho.

Læraren Unni

Allereie som student fekk Unni prøve seg som lærar på NMH, først i det årlege innføringskurset for alle studentane, og seinare som folkesonglærar rett etter at ho var ferdig på master i 2003.

– Det var altfor tidleg. Eg var nær studentane i alder, og eg hadde heller ikkje fått bearbeidd mitt eige studie. Så etter nokre år tok eg ein lang pause.

Det var først i 2016 ho søkte på ei ledig stilling ved skulen. Ho stod i fleire val om yrkeslivet vidare, og er takksam for at ho fekk jobben på NMH.

– Utan den trur eg ikkje at eg hadde jobba med musikk i dag, seier ho.

Stillinga har auka frå 50 prosent folkesonglærar til å også innehalde ansvaret for heile folkemusikkstudiet, i dag i ei stilling på 80 prosent. Men det er heilt klart ein jobb der ho ikkje berre stenger PC-en og kallar det ein dag når klokka er 16.

– Eg har ein draum om at folkemusikk skal bli likeverdig alle andre sjangrar innad i akademia og elles i samfunnet. Og då blir ein jo litt engasjert. I tillegg er det viktig for meg å bygge eit godt miljø mellom kollegaene, og så er det å sjå kvar enkelt student ekstremt viktig, seier Unni.

Ein heilt vanleg dag finst kanskje ikkje for Unni. Men ein tilfeldig tysdag i oktober ser slik ut:

Ho startar dagen med to songstudentar. Så held ho fram med eit møte med leiaren sin, der dei snakkar om større strukturendring og søknadar. Så er det fleire studentar, før det er eit møte med rektor for å diskutere institusjonelle samarbeid. Så avsluttar ho dagen med endå ein songstudent. I tillegg får ho mellom 50 og 100 epostar gjennom dagen som ho prøver å ta unna mellom kvar student.

Men nokre gonger er det fort å gløyme at kvar student berre skal ha 45 minutt undervising, ikkje 60. Så plutseleg er kvarteret som er sett av til epostsvaring før neste student forbi. Då blir det litt mail på kveldstid.

– For meg er folkemusikk større enn den konkrete musikken. Det er også det mellommenneskelege, fleirgenerasjonsmiljøet og historieforteljinga.

Unni Løvlid

Ikkje for nær studentane

Unni er ein person studentane kjem til med stort og smått. Ho jobbar ein til ein med alle som har behov for det, sjølv om dei ikkje nødvendigvis har ho som songlærar.

– Om ein student til dømes synest det er skummelt å snakke høgt i klasseundervising, og vedkommande tør å dele det, då har me noko me kan jobbe med. Det kan me gjere gradvis gjennom studietida, utan at nokon andre veit det. Det er ein god måte å undervise og tilrettelegge på, og det tenkjer eg at skulle berre mangle.

Men sjølv om Unni gjer mykje for å gjere studiekvardagen best mogleg for kvar einskild student, er ho veldig oppteken av at ho ikkje skal kome for nær dei. På kveldstid held ho seg unna dei stadene studentane er.

– Det første året mitt som leiar var det utruleg vanskeleg å gje slepp på masterkullet. Det var fantastiske studentar. Men det gav meg ei veldig god trening på å forstå den profesjonelle rolla eg har, forklarar ho.

– Så no seier eg til avgangsstudentane: Frå no av er me berre kollegaer. Det betyr at dei samtalane me har hatt på interpretasjon eller einetime, dei kan me ikkje ha lengre.

Urframføring av verket Svarteboka under Ultimafestivalen i 2021. Unni Løvlid og Marianne Baudouin Lie.

Folkemusikken ligg i det mellommenneskelege

Miljøet på folkemusikkstudiet blir i dag rosa av fleire, både av studentane sjølv, men også av folk som er innom og ser det utanfrå.

Folkemusikkstova, som Unni har døypt om kontoret sitt til, er ein viktig samlingsplass for studentane. Her har dei songtimar saman, samtalar om fag, men også sosiale samankomstar som dei faste folkemusikkfrukostane som Unni arrangerer to gonger i semesteret.

Dette er for at studentar på alle trinn, stipendiatar, lærarar, ja, alle som er knytt til folkemusikkstudiet skal treffe kvarandre og for at Unni skal få sett korleis alle har det.

– Å jobbe med folkemusikk er ikkje å gå på ein 45 minutt lang time, lære ein song, og så reise inn på eit lydisolert øvingsrom. Folkemusikk ligg ekstremt mykje i det mellommenneskelege, og det må ein bli trent på. Ein må bli trent på å vere interessert i dei andre i rommet, og at det ikkje er berre eigen tradisjon som har verdi.

Denne treninga får studentane når dei sit i sofaen i Folkemusikkstova.

– Når me sit der, har me andre faglege samtalar enn om me sit i gangen eller har ein-til-ein-undervising. Dei ulike folka i rommet har ulik kunnskap, og der får me trigga det dei forskjellige har med seg.

Heile miljøet på folkemusikkstudiet blir prega av kvar einaste student, seier Unni.

– Kvar student er ein kjemperessurs. Det er dei som driv utviklinga av studiet framover.

Mykje har skjedd sidan studiets start i 1995, og sidan Unni var «berre ein folkesongar» året etter. I dag opplever Unni som tilsett at ho kan gå inn i alle rom og vere likeverdig med alle andre.

– Det er rørande. Når eg spør studentane om dei opplever å høyre til, ser dei berre rart på meg. For dei er det heilt sjølvsagt. Det er ein enorm gjensidig interesse mellom studentane på huset, og ein ny kultur som er utruleg fin. Men å jobbe med kvardagskultur, er noko ein må gjere kvar dag.

Det viktigaste for Unni då ho overtok som leiar, var nettopp å bygge eit trygt kvardagsmiljø.

– For viss folk har det ok, då fell mange ting på plass.

Til opplysning: Skribent Johanne Flottorp er hardingfelespelar, pedagog og journalist i bladet Folkemusikk. Ho gjekk kandidatstudiet i folkemusikk frå 2013 til 2017.

Artikler relevante