Gå til hovedinnhold
For ansatte Søk

Blei dregen tilbake til Tallin – med nye idear frå Oslo

Foto: Alana Proosa

I 2007 kom estiske Katariin Raska til Oslo og Musikkhøgskulen for første gong. Etter fleire opphald her følte ho på eit ansvar for å dele alt ho lærte i Noreg med musikkstudentane i heimlandet.

I tida si som leiar av folkemusikkutdanninga ved Estonian Academy of Music and Theatre hausta Katariin Raska av det ho hadde med seg frå Noregs musikkhøgskule, etter over fem år med studiar der.

Måten lærarane kommuniserte med studentane på var forbilledleg, seier ho. Og ho opplevde stor fridom som student, noko ho også ønskte for dei som studerte med henne som studieleiar.

Men me spolar tilbake. At Katariin Raska kom til Musikkhøgskulen for første gong i 2007 kan ho takke Tom Willy Rustad og ein busstur frå Viljandi til Tallin for.

Vegarbeid og gode samtalar

Katariin var saksofonist og studerte folkemusikk i Viljandi i Estland. Heilt frå ho flytta dit frå storbyen Tallin hadde ho tenkt at ho på eit tidspunkt kom til å kjede seg litt i den vesle byen. Ho brukte mykje tid på å øve, både på saksofonen, og på sekkepipa ho hadde byrja å lære seg.

Men ho visste at ho måtte ut og lufte seg litt, reise på utveksling til eit anna land. Likevel var ho ikkje sikker på kvar.

Ein dag fekk klassa hennar besøk av Tom Willy Rustad. På den tida var han leiar av folkemusikkstudiet ved NMH, ein jobb han hadde frå 2002 til 2009.

Han var også gjesteprofessor i Viljandi og på besøk eit par gonger medan Katariin gjekk der. Denne dagen heldt han ein workshop for studentane.

– Han lærte oss musikk frå toradaren sin, og på munnharpe. Eg likte det så godt. Munnharpemusikken spesielt, men den norske musikken generelt, fortel Katariin om dette møtet.

Frå før av hadde ho eit inntrykk av den norske og nordiske jazzen, via til dømes Jan Garbarek. Dette var også musikk som interesserte henne.

Men musikken Tom Willy viste fram var ny for ho. Etter workshopen skulle Tom Willy ta bussen tilbake til Tallin, og det skulle Katariin også.

– Det var mykje vegarbeid den dagen, så turen tok tre timar. Me sat og snakka saman heile bussturen, og då turen var over hadde eg bestemt meg: Eg ville søkje utveksling til Oslo, fortel Katariin.

Den påfølgjande hausten var ho på plass.

I første omgang var ho utvekslingsstudent.

Foto: Karoliina Kreintaal

Overføre den norske tenkemåten

– I Estland opplever eg at alle er veldig opptekne av den nasjonale musikken, så både jazz, klassisk og folkemusikk skulle gjennomsyrast av estisk kultur, fortel Tom Willy Rustad.

– Katariin hadde, som mange andre estlenderar, eit veldig ope sinn for kva folkemusikk var. Men ho var også veldig svolten på å gå heilt i djupna av tradisjonen.

For tradisjonsmusikken i Noreg står i ein noko anna posisjon enn i mange andre land.

– Dei som driv med folkemusikk i andre land er litt misunnelege på oss i Noreg, for her står folkemusikken i seg sjølv så sterkt. I andre land er det meir crossover. Ein kan sjølvsagt drive med musikk som let seg inspirere av andre sjangrar, og det opplever eg at alle utdanningsinstitusjonane her oppmodar til. Men dei er også einige om at ein må ha noko som er ditt eige, ei kjerne. Det er det kanskje mange av dei utanlandske utøvarane som manglar, seier han og legg til:

– Katariin var veldig opptatt av dette. Ho skulle lære seg munnharpe og setesdalstradisjonen, men heile målet var jo å overføre den kunnskapen rundt måten nordmenn tenkjer om folkemusikk på til Estland.

Tom Willy trur også at historia, der Estland har kjempa ein lang kamp for å frigjere seg frå Sovjet-tida, påverker måten dei ser på folkemusikk på.

– For norske studentar kan sikkert nokre ting berre bli oppfatta som ei lekse, men for Katariin var det ei livsoppgåve å lære seg ein tradisjon og overføre det til det estiske.

Tom Willy Rustad fra Landskappleiken i 2023. Foto: Knut Utler

Ny måte å møte lærarane på

Det første året hadde Katariin Tom Willy Rustad som lærar på munnharpe og Morten Halle som lærar på saksofon.

I Viljandi hadde ho improvisert litt, men ikkje bevegd seg så mykje inn i «ordentleg jazz», som ho kallar det. Det var først i Oslo ho utforska kva ho kunne gjere med saksofonen i den retningen, hang med jazzstudentar og tok improvisasjons-valfag.

Katariin hadde inntrykk av at songarane og felespelarane hadde eit litt strengare regime enn henne, der dei heldt seg til eit fast repertoar og jobba hardt retta inn mot det tradisjonelle feltet.

– Lærarane visste kanskje ikkje heilt kva dei skulle gjere med meg, ler ho.

Språket var ein barriere i starten. Etter kvart lærte Katariin seg meir og meir norsk. Det var ikkje bare musikken ho var ivrig etter å lære.

– Eg skjønte ikkje alt med ein gong, men eg likte uansett tilnærminga på studiet. Folkemusikarane var alle i god kontakt med sine eigne tradisjonar. Det var veldig fint å sjå, seier Katariin.

Ho vendte seg raskt også til jazzmiljøet, og opplevde jazzstudentane som litt meir utadvente enn folkemusikarane.

– Folkemusikarane var nok litt meir for seg sjølv. Men eg skjønner det også, det kjem frå tradisjonen. I Noreg handlar det mykje om solospel. Men eg likte det, og det var ein av grunnane til at eg ville komme tilbake seinare, seier ho.

– Me veit alle at det er vanskeleg å drive høgare utdanning i tradisjonsmusikk. Me må alltid kjempe for det i dei store institusjonane.

Katariin Raska

Måten lærarane tilnærma seg henne på i undervisinga var ny for henne. Katariin seier at estlenderane nok er meir rett på sak, og at det på studiet i Viljandi ofte blei trekt fram kva som var «feil» eller kva som kunne blitt gjort betre. I Oslo opplevde ho noko heilt anna.

– I staden for at dei sa kva eg gjorde feil, bad dei meg spele ting om igjen og tilnærme meg det frå ein anna vinkel. Dei stilte spørsmål. Det var nytt for meg, seier ho.

Ho opplevde heller ikkje at lærarane på nokon som helst måte prøvde å forme studentane slik dei ville ha dei.

– Alle har sin eigen smak og visjon, og eg opplevde at institusjonen generelt oppmoda folk til å vere den dei er og til å gjere ting på sin måte, seier Katariin og legg til ei historie ho har høyrd for å illustrere dette:

– Du får eit par ski på toppen av ein bakke, men du må sjølv finne ut korleis du skal kome deg ned. Nokon set utfor med ski på beina, medan andre tek dei under armen og går ned bakken. Det handlar om å finne den beste måten for deg, finne din eigen sti, seier ho.

Katariin frå Landskappleiken i 2011. Foto: Knut Utler

Lærte frå mange forskjellige

Den store fridomen Katariin kjende på, gjorde at ho fekk innblikk i mange retningar av dei norske musikkmijøa og aldri følte seg låst til ein ting.

– Eg følte ikkje noko press på å studere superhardt, eg kunne bare konsumere alt på ein fin måte. Eg hadde fridom til å utforske andre delar av institusjonen, og det var derfor eg knytte meg til jazzstudentane. Med dei var eg på jamsessions og spelte mykje med folk. Blant folkemusikkstudentane fekk eg også nokre nære venner, men det var ikkje så sosialt etter skuletid. Derfor hadde eg god tid til å øve og å utforske musikken, seier Katariin.

Etter at ho hadde vore eitt år i Oslo som utvekslingsstudent, reiste ho heim att til Estland for å fullføre graden sin der. Men ikkje lenge etter kom ho til Oslo igjen for å ta andre avdeling på NMH. Etter det blei det ein pauseår der ho frilansa med Oslo som base, før ho søkte seg inn på master.

Ho har gjennom åra hatt mange ulike lærarar. Tom Willy Rustad lærte henne slåttar på munnharpe. Det var der interessa hennar for setesdalsslåttane blei tent.

– Dei som driv med folkemusikk i andre land er litt misunnelege på oss i Noreg, for her står folkemusikken i seg sjølv så sterkt.

Tom Willy Rustad

Seinare førte det henne til Sigurd Brokke i Setesdal, der ho tok eit djupdykk inn i setesdalstradisjonen. Då ho kom til NMH for andre gong, var Steinar Ofsdal også på huset, og han lærte henne fløytespel. Av Håkon Høgemo fekk ho lære vestlandsslåttar.

Ho hadde også timar med Tellef Kvifte, som hadde kunnskap om sekkepipe. Av han lærte ho både musikk på sekkepipe og saksofon.

– Eg følte eg fekk mykje grunnleggande kunnskap om ein stor del av tradisjonen. Men stilen eg lærte mest spesifikt om, var munnharpetradisjonen frå Setesdal. Eg konsentrerte meg veldig om det, fortel ho.

Etter kvart tok ho også nokre timar med Rolf Erik Nystrøm på saksofon, der ho lærte om utvida teknikkar og oppdaga ein heilt ny måte å bruke instrumentet på.

– Eg visste ikkje ein kunne spele sax slik dei gjorde det i Noreg, tidlegare hadde eg berre spelt melodiar. Men då eg utforska alle dei utvida tenkikkana, kunne eg spele så mykje meir. På masteren jobbe eg med dette for å utvikle min eigen signatur, å bruke utvida tenkikk med tradisjonell musikk som kjelde i botnen. All denne bagasjen frå NMH var utgangspunktet for korleis eg utvikla meg musikalsk, seier Katariin.

Men det viktigaste ho tok med seg, var moglegheita til å lære direkte av kjeldene.

– I Estland lærte me mest tradisjonelle slåttar frå arkivopptak. Så å reise til Sigurd Brokke, vere på felttur til Finnmark og lære av Ingvald Guttorm, og ikkje minst av Håkon Høgemo, var supert. I Noreg kunne eg kome i kontakt med kjeldene på ein heilt anna måte enn i Estland. Som sekkepipe- og munnharpespelar der, har eg ikkje den mogleheita, sidan kjeldene for lengst er ute av tida, seier ho.

2010: Katariin og Steinar Ofsdal jobber med fløytespel. Foto: Ukjent

Folkemusikksjef etter masteren

Ikkje så lenge etter at Katariin var ferdig på master i 2016, fekk ho eit jobbtilbod frå Estonian Academy of Music and Theatre i Tallin. Men å flytte frå Oslo for godt, var ikkje ei lett avgjerd.

– Det var vanskeleg å bestemme seg for å flytte frå Oslo. Men eg følte eg blei dratt tilbake til Estland, og kunnskapen eg hadde tileigna meg både i Oslo og i Brussel, der eg utveksla på masteren, var noko eg måtte dele. Det er gjennom deling av kunnskap me kan gjere miljøet betre. I alle fall når ein har vore så heldig som meg og blitt fylt med så gode erfaringar, fortel ho.

Jobbtilbudet frå institusjonen i Tallin var å vere leiar for folkemusikkavdelinga ved skulen, ein jobb ho hadde i rundt fem år. Framleis underviser ho ved skulen, men i ei mindre stilling.

NMH var ein stor inspirasjon for henne då ho starta arbeidet sitt der, fortel ho.

– Den pedagogiske tilnærminga, med den venlege og respektfulle kommunikasjonen mellom lærarar og studentar, det var veldig inspirerande. Tilnærminga mi var også å få studentane til å finne si eiga stemme, fortel ho.

Også i måten å gje tilbakemelding på, henta ho inspirasjon frå NMH. Ho snakka med kollegaene sine om korleis dei skulle snakke med studentane, og levere tilbakemeldingar.

– Eg sa: Ikkje la oss fokusere på det negative. Målet vårt er å få studenten til å kome vidare i det han eller ho er i gang med. Korleis kan ein få dei til å bli betre musikarar? Heller det enn å rive dei ned.

Ho sette seg også inn i Critical Response Process, som i dag blir brukt av folkemusikkutdanninga på NMH. Sidan folkemusikkavdelinga er veldig lita på institusjonen i Tallin, kan dei ha mykje munnleg kommunikasjon og vere heile utdanninga saman i slike settingar der ein får tilbakemeldingar.

– Eg var veldig var på korleis me møtte studentane, og kva ord me brukte i samtale med dei. Alle studentar er ein sårbar posisjon, fortel Katariin.

– Lærarane visste kanskje ikkje heilt kva dei skulle gjere med meg.

Katariin Raska om utvekslinga til NMH i 2007

Ho tok med seg mykje av dette frå Oslo, og det var spesielt ein mann som inspirerte henne veldig.

– Steinar Ofsdal var mitt store forbilde her. Korleis han tilnærmar seg folk, ser alle, kor snill og venleg han er, og at han møter alle så ope, det er forbilledlig og beundringsverdig.

Unni Løvlid var ein av rettleiarane til Katariin på masteren, og i etterkant har dei hatt mykje kontakt som kollegaer og leiarar av kvar si folkemusikkavdeling.

– Eg har snakka mykje med Unni. Nå er problemet at me har for få studentar, og då har eg snakka med Unni om korleis ein skal få fleire folk inn. Men ho er også ein god ressurs for å diskutere korleis ein skal kommunisere med studentar som kanskje har det litt vanskeleg, fortel Katriin.

– Eg opplever institusjonen vår i Tallin som ganske lik NMH, der folkemusikkavdelinga er ein forholdsvis liten seksjon i ein større, klassisk institusjon. Men på meg verker det som om folkemusikkstudiet i Oslo har vakse seg større nå, at det er veldig ope og ikkje så konservativt som det kanskje var ein gong i tida, seier ho.

Når ho har organisert studiet i Tallin har ho tenkt på korleis ho sjølv ville hatt det som student. Mellom anna fekk ho inn interpretasjonsfaget etter inspirasjon frå Oslo.

– Erfaringane frå Oslo er noko eg alltid bruker som utgangspunkt. Det var plassen der eg fekk den gode utdanninga mi, seier ho og legg til:

– Fridomen eg hadde under studia, der eg fekk moglegheit til å vere med i ulike prosjekt og ha valfag som ikkje nødvendigvis var knytt til tradisjonsmusikken, det var ei veldig viktig erfaring for å finne min eigen identitet i musikken. Desse minna og erfaringane frå studiane mine er noko eg prøver å gje vidare, både som lærar, leiar og organisator.

Foto: Robert Ly

Internasjonale nettverk

Skulen i Tallin er ein av to stader i Estland der ein kan ta utdanning i folkemusikk. I Noreg er det folkemusikkutdanning på Ole Bull Akademiet på Voss og ved Universitetet i Søraust-Noreg på Rauland, i tillegg til NMH.

Med få og små organisasjonar er det viktig med samarbeid mellom dei nordiske og baltiske landa, noko utdanningane har gjennom dei årlege Nordtrad-treffa. Her kjem studentar og lærarar saman på ein konferanse som blir arrangert på rundgang hos dei forskjellige institusjonane.

Bachelorstudentane frå Noreg har kvart år tilbod om å reise på den vekeslange konferansen, der dei speler med og for dei andre studentane, er på forelesingar, konsertar og utflukter og får mykje sosialt påfyll. Nytt i fjor var ei samling for master- og ph.d.-nivå, noko som blei arrangert for første gong, i Stockholm.

– Det er fantastisk at noko slikt eksisterer. Me veit alle at det er vanskeleg å drive høgare utdanning i tradisjonsmusikk. Me må alltid kjempe for det i dei store institusjonane, seier Katariin.

– Så det er både oppmuntrande og inspirerande å møte kollegaer på jamleg basis. Nettverket vårt er veldig sterkt og hjelpsamt, og det er mange land som lengtar etter å ha slike nettverk. Så me er privilegerte, både fordi me har utdanningane, men også dette nettverket. Det skal me ikkje ta for gitt.

I dag arbeider Katariin i ei lita stilling ved folkemusikkutdanninga i Tallin. I tillegg er ho tilsett på den lokale kulturskulen, og elles frilansar ho. Men ho føler seg framleis ivrig etter å lære nye ting, og vil søkje på ein doktorgrad.

– Eg ønsker å fokusere på det tradisjonelle, og dykke ned i gammal sekkepipemusikk frå ei øy i Estland. Så vil eg arbeide med den musikken og vise korleis ein kan interpretere det på dagens sekkepiper, seier ho.

Tanken om Oslo har fleire gonger streifa henne, men med familieliv i Tallin er det best for henne å vere der nå.

– Saknar du Oslo?

– Ja. Men eg prøver å komme meg dit ein gong i året. For å fôre sjela mi, smilar ho.

Årets tur til Oslo kjem allereie i januar; Katariin er sjølvskriven deltakar når NMH feirar 30 år med folkemusikkutdanning 24. januar.

Artikler relevante