Gå til hovedinnhold
For ansatte Søk

Den einaste. Men aldri aleine.

Amalie Kinsarvik Tvilde og Trygve Liahagen. Foto: Brian Cliff Olguin

Amalie og Trygve har begge på sitt vis vore den einaste på Musikkhøgskulen. Amalie den einaste på sitt instrument, Trygve den einaste i si klasse. Det førte til ny læring for medstudentane, større fridom og inkludering.

Amalie Kinsarvik Tvilde var den første som tok ein bachelor med durspel som hovudinstrument på NMH. Ho gjekk i det ho kallar ei stor klasse på tre personar, frå 2019 til 2023.

Då ho starta i andre, kom Trygve Liahagen med fela si inn som den einaste førsteklassingen. Trygve blei raskt ein del av miljøet i klassa til Amalie. Sidan har dei to halde saman.

– Folkemusikkgjengen var kjempefin, det var som at heile gjengen var ei stor klasse. Det var fint å komme til for min del, seier Trygve.

– Me åt lunsj saman så ofte det gjekk, rundt to bord me slo saman i kantina, fortel Amalie.

Eit miljø blei skapt også utanfor rom 2008, der folkemusikkstudentane innreidde ein krok med sofa, bord og kjøleskåp.

Men det var ikkje berre på skulen dei hang saman.

– Me spelte til dans på Riksscenen ein gong i månaden og fekk sesongkort. Så me var der nesten kvar helg, og då reiste me ofte dit saman. Det var veldig sosialt og me fann på veldig mykje, fortel Amalie.

Amalie Kinsarvik Tvilde spiller torader i skogen, med litt uklar forgrunn.
Foto: Siv Dolmen

Aldri einsam

Ho trekker også fram turane som ein viktig suksessfaktor for det gode miljøet. På Osafestivalen er NMH-studentane fast inventar, og den blir arrangert i slutten av oktober, altså berre godt og vel to månader inn i det nye studieåret.

På nyåret er det felttur, der fjerdeårsstudentane planlegg turen for resten av studentane. I same tidsrom kjem også Vinterfestivalen på Rauland som dei reiser til.

– Alle desse turane er veldig samlande. Der blei me så godt kjende, seier Amalie.

Trygve fortel at klassa til Amalie var heilt spesiell når det kom til å samle heile studiet.

– Eg, Tiril (Einarsdotter) og Mattias (Thedens) var veldig opptatt av å gjere ting saman, seier Amalie.

– Ja, dei var éin organisme, seier Trygve.

– Me elska klasseromsundervising der me var samla. Me møttest på fritida, åt middag og gjorde lekser. Me tre var veldig mykje saman både på skulen og elles.

– Men de var opptatt av å få alle andre med også, skyt Trygve inn.

For då Trygve kom, blei han også del av denne klassa.

– Eg følte eigentleg aldri at eg gjekk aleine. Av å vere den einaste i klassa har eg i grunn berre fått meir fridom, så eg er eigentleg glad for det, fortel han.

Han blei fort inkludert både hos dei andre folkemusikklassene, men også hos jazzstudentane som gjekk same år som han. Så eineundervising blei det berre på instrumenttimane.

– Heilt sidan eg fekk vite at ein kan leve av å vere frilans felespelar har eg jaga det. No som eg er det tenkjer eg: Kva no?

Trygve Liahagen
Trygve Liahagen spiller fele på en scene

Pandemisk hell i uhell

Å ha felles mål å jobbe mot har vore viktig for dei seinare folkemusikkstudentane.

Ljøsblått, studentane sin festival som blir arrangert i november kvart år, er det andreklasse som står for. I 2020 var turen komen til Amalie og klassa hennar, og dei la store planar.

Av naturlege årsaker blei det ikkje noko av, men hell i uhell førte det berre til at Trygve slapp å arrangere det aleine året etter. I staden slo dei seg saman, og planane Amalie og co. hadde jobba så iherdig med blei sett ut i livet.

Festivalen gjekk over tre dagar og blei arrangert på Chateu Neuf. Studentane laga merch og måla eit stort banner og ville lage Ljøsblått større, etter inspirasjon frå jazzstudentanes Serendip-festival. På laurdagen kom det fleire hundre personar.

– Me koste oss så med å gjere dette saman, og me blei veldig tette. Eg håpar at alle som har gjort dette etter oss også synest det er ein fin ting å gjere saman, seier Amalie.

– Kva hadde skjedd med miljøet om de ikkje hadde hatt turar og felles mål?

– Då avheng det mykje meir av enkeltpersonars eige initiativ, seier Trygve.

– På turane blir ein tvinga til å vere saman heile tida, i fleire døgn. Då må ein klare å henge saman. Så det er avhengig av det. Spesielt om ein ikkje har folk som Amalie og Tiril. Ikkje at dei som gjekk over ikkje var inkluderande, men dei var nok kanskje spesielt inkluderande.

Alle de fire Ljøsblått-lederne spiller på Betong på Ljøsblått 2021.
Frå Ljøsblått-festivalen i 2021: Amalie og Trygve speler med mellom anna Mattias Thedens og Tiril Eirunn Einarsdotter. Foto: Torfinn Lysne

Jobba for miljø mellom institusjonane

I Noreg er det tre folkemusikkutdanningar. I tillegg til studiet på NMH kan ein ta bachelor i folkemusikk ved Ole Bull Akademiet på Voss og ved Universitetet i Søraust-Noreg på Rauland.

Forholdet mellom utdanningane har utvikla seg gjennom åra, og også her gjorde studentane ein stor innsats for at miljøet på tvers av institusjonane skulle bli bra.

– På Osafestivalen fekk me bli godt kjende. Forholdet blei berre betre og betre gjennom åra, seier Amalie.

Men då ho byrja på studiet, kunne ho kjenne litt på nokre fordommar som hang igjen frå tidlegare tider.

– Kanskje folk hadde inntrykk av at me likte å vere mest for oss sjølv. Men det snudde i løpet av dei fire åra eg gjekk på skulen, seier ho.

Studentane frå Voss og Rauland kom til Ljøsblått, og NMH-studentane reiste også til Rauland på Vinterfestivalen der.

– Dei aller fleste ser jo enkeltpersonar og ikkje institusjonar. Så når ein blir kjend er det ikkje noko problem, seier Trygve.

– Men så klart, grupperingar er umogleg å unngå. Slik er det jo i alle miljø. Slik er naturen. Men det er viktig å vere bevisst på det, og å bryte på tvers av grupperingane. Det har Unni (Løvlid) vore veldig tydeleg på.

– Ja, dette med at miljøet har endra seg, både innanfor og utanfor NMH, det er mykje på grunn av Unni. Ho er heilt fantastisk. Ho ordnar så me kan reise på Osa og Vinterfestivalen, at me får møte dei andre institusjonane, seier Amalie.

Trygve i NMH-gangen i 2020. Foto: Brian Cliff Olguin

Metoden som revolusjonerte interpretasjonsfaget

Kort tid etter ho tok over som folkemusikksjef innførte Unni Løvlid The Critical Response Process (CRP) som mal for korleis ein skulle gje tilbakemelding i interpretasjonsfaget.

Metoden blei utvikla av den amerikanske ballettdansaren og koreografen Liz Lerman, etter at ho hadde reflektert mykje over korleis ulike typar tilbakemelding fungerte på henne. Nokre tilbakemeldingar gjorde at ho fekk umiddelbar lyst til å gå på øvingsrommet, medan andre hadde heilt motsett effekt.

Slik CRP er innført hos folkemusikkstudentane fungerer ein interpretasjonstime på denne måten:

Først spelar ein student eit stykke musikk.

Så kjem alle som høyrde på med ein kommentar om noko som var meiningsfullt for dei.

Så stiller den som spelte eit spørsmål. Kanskje vil vedkommande ha konkret tilbakemelding på til dømes takt, innhald i musikken og så vidare.

Neste steg er at tilhøyrarane stiller spørsmål. Desse skal vere opne og invitere til refleksjon.

Til slutt kan dei som høyrer på kome med ei meining, men berre dersom den som har framført har lyst til å høyre den.

– Når ein svarer på spørsmåla frå den som har spelt, er det viktig å svare på ein konstruktiv måte, fortel Amalie.

– Me skal bygge kvarandre opp, seier Trygve.

– På studiet snakka me veldig inkluderande om all type musikk. Ikkje berre innad i folkemusikksjangeren, men også andre stilartar.

Amalie Kinsarvik Tvilde
Amalie Kinsarvik Tvilde stirrer ut i luften mens hun spiller torader mellom trærne.

Eit heilagt rom

Det tok ikkje lang tid før alle studentane forstod kva tanken bak interpretasjonsfaget var, og at det som skjedde i rommet, blei i rommet.

– Det rommet der har blitt litt hellig, nesten. Det som skjer der skal ikkje kome ut, ein skal ikkje prate om det i gangen ein gong, seier Trygve.

– Det har me vore gode på å overhalde også. For det skjer jo at folk får samanbrot i denne situasjonen. Og det må vere lov. Eg synest det er fascinerande å sjå korleis Unni har forma oss til å bygge eit så trygt rom.

– Men gjorde dette det meir lystbetont å spele på interpretasjon?

– Eg synest det var skummelt alle åra.

– Ja, eg synest også det var skummelt, men veldig godt etterpå, seier Amalie.

– Det er intenst å sitje i eit lite rom med 10 stykk som skal gje deg tilbakemelding. Det er tøft uansett, slik er det berre. Men etterpå får ein ei god kjensle, anten ein har vore kjempesikker når ein har spelt, eller om ein har gråte.

Amalie i NMH-gangen i 2020. Foto: Brian Cliff Olguin

– Verdien er den same i all musikk

Å samtale om musikk, «nerde», reflektere, var noko dei to brukte, og bruker, mykje tid på.

– Eg var og er framleis heilt oppslukt av musikk, det er det eg lever og ånder for, og det er aldri stille i hovudet mitt, seier Trygve.

– På NMH blir det lagt godt til rette for å reflektere rundt musikk og skape sin eigen smak, eller å destillere seg sjølv. Målet er å gjere kvar student meir til seg sjølv, ikkje å produsere ei rekke like musikarar. Eg blei tidvis litt forvirra, og følte på eit tidspunkt at eg kom lengre bort frå meg sjølv. Det er først nå eg byrjar å skjønne kven eg eigentleg er, men det hadde eg ikkje visst om eg ikkje hadde vore i den prosessen tidlegare. Eg trur det er godt å komme ut og sjå seg sjølv i eit større bilde, seier han.

Amalie fortel at då ho byrja på studiet hadde ho ein idé om kva ein skulle og måtte gjere. Det byrja å kome fram mange nye band frå folkemusikkstudiet, som Morgonrode og Ævestaden. Kanskje måtte ein spele i band? Men plutseleg forstod ho at alle eigentleg berre gjorde det dei hadde lyst til.

– Det er kanskje litt ala jazzlinja i Trondheim, med denne «følg kicket»-tankegangen. Følg deg sjølv, og gjer det du har lyst til. Stol på øyrene dine, beskriv Trygve.

– På studiet snakka me veldig inkluderande om all type musikk. Ikkje berre innad i folkemusikksjangeren, men også andre stilartar. Alt er like mykje verdt, fortel Amalie.

– Ein polka på to vek er like mykje verdt som «Spellemannsprøva». Verdien er den same i all musikk, det er grunnhaldninga, seier Trygve.

– Det trur eg opnar litt opp for at ein tør å gjere det som kjennest rett for seg, seier Amalie.

Trygve spelar i dag i bandet Pumpegris, som under Bylarm i år vann eit stipend frå Norsk tipping på 500.000 kroner og er på topplista til fleire anmeldarar når albumåret 2025 skal oppsummerast.

– Pumpegris er eit resultat av nettopp denne tankegangen her, seier Trygve.

– Eg kan godt døy på ei scene, liksom.

Trygve Liahagen

Einaste på sitt instrument

Medan Trygve hadde mange å sparre med om feletekniske ting, som lærarane Andreas Bjørkås og Håkon Høgemo, og medstudentar som spelte fele og hardingfele, var realiteten ein annan for Amalie.

– Det blei mykje fele-nerding, som eg også gjerne kan vere med på. Men eg hugsar eg synest det var veldig kjekt då læraren min Hilde Fjerdingøy kom på skulen, seier ho.

– Dei andre lærarane mine måtte eg reise til, og sjølv om det var heilt fantastisk å ha Anette Torsheim i Bergen og Leif Ingvar Ranøien på Hamar, så var det veldig stas at eg fekk ha ein lærar som budde i Oslo og kunne vere her.

Før Amalie starta på studiet hadde det gått nokre trekkspelarar der med durspel som biinstrument, men dette var første gongen nokon hadde det som hovudinstrument.

Det førte til at alle dei andre studentane måtte få litt opplæring.

– Korleis skulle dei gje meg tilbakemelding på interpretasjon, anna enn å kommentere på slåtten eg spelte? Det blei litt undervising i starten, om korleis instrumentet fungerte. Men etter kvart fekk eg heilt supre tilbakemeldingar, og det verka som alle hadde lært mykje om durspel då, seier Amalie.

– Det som var litt rart, var at du ofte måtte tilpasse deg undervisinga og ikkje omvendt. Det var kanskje litt frustrerande og kunne kanskje vore betre, seier Trygve.

Amalie bekrefter, og seier at ho var litt usikker i starten. Som person er ho heller ikkje den som seier høgast ifrå om ting ikkje er heilt tilrettelagt for henne.

– Men eg blei tøffare med åra, og i tillegg blei alle rundt betre og betre til å tenkje på meg, fortel ho.

Tredjeåret tok ho også brukstrekkspel som valfag, og då blei ho inkludert i akkordeonklassa og fekk mellom anna vere med på klassekonsertane deira.

– Eg håper at det kjem fleire durspelarar etter kvart. At folk ser at det går an, seier Amalie.

Etter at Amalie var ferdig, har det vore eit par masterstudentar med durspel både som hovud- og biinstrument.

– Durspelet er vel kanskje eit av dei minst akademiserte instrumenta i folkemusikksamanheng, seier Trygve.

Foto: Karina Krokaa

Eit sjølvransakande yrke – og kardemommelova

Etter bacheloren hadde Amalie eit år der ho jobba frilans på fulltid. Så søkte ho seg inn på PPU. No er ho tilbake i frilanstilveret både som pedagog og utøvar.

Trygve tok eit år med deltidsstudium i komposisjon etter bacheloren, og var ferdig med det våren 2025. Det skulle vere ein mjuk veg ut i frilanslivet.

– Eg har hatt flaks med korleis karrieren har forma seg, også med tanke på prisar og slikt, at det er med på å bygge synlegheit. Eg føler meg veldig heldig med tanke på at det har gått såpass smertefritt. Det er veldig gøy å vere frilansar, seier han.

For nettopp det har vore målet hans sidan vidaregåande.

– Heilt sidan eg fekk vite at ein kan leve av å vere frilans felespelar har eg jaga det. No som eg er det tenkjer eg: Kva no? Men ein finn nye småting heile tida som ein kan jobbe mot. Eg trur eg veit kva som er det nye målet mitt, men eg har ikkje konkretisert det heilt endå, seier han.

Amalie og Trygve saman med Tiril Eirunn Einarsdotter. Foto: Brian Cliff Olguin

Bransjen

– Vil de ha dette yrket for alltid?

– Ja, meir eller mindre, seier Trygve.

– Eg tipper at det i periodar i livet vil vere deilig med litt fleire prosent ein stad, for å ha noko fast. Men eg kan godt døy på ei scene, liksom.

– Det er eit vanskeleg spørsmål, seier Amalie.

– For ja, eg har ei slik kjensle av at eg må jobbe med dette her. Men eg synest nok det er litt meir utfordrande.

– Det er jo veldig sjølvransakande på ein måte. Ein må heile tida ta stilling til sitt eige hovud når ein jobbar med musikk. Det er ganske beinhardt og det er verkeleg ikkje noko for alle, seier Trygve.

– Eg synest det er vanskeleg med promotering. Den bransjebiten. Eg elskar å spele, og det er det eg har lyst til å gjere, men alt rundt er litt utfordrande, seier Amalie.

I tillegg er ho i mange samanhengar den einaste på durspel.

– Alle veit korleis ei fele høyres ut, men det er kanskje mange som ikkje veit heilt kva ein skal bruke durspel til. Og så er eg kanskje ikkje så frampå sjølv heller, eg tek det litt roleg, seier ho med eit smil.

– Eg håper at det kjem fleire durspelarar etter kvart. At folk ser at det går an.

Amalie Kinsarvik Tvilde

Alt kan skje

– Men er det noko spesielt du vil bruke durspelet til?

– Det er ting eg har gjort før som eg vil gjere meir av. Til dømes vere solist med strykarar, fortel Amalie.

Mot slutten av studietida fekk ho ordna det slik at ho også kunne vere solist med eit ensemble. Felespelarane og songarane hadde mange høve til å teste dette, og det ville Amalie også.

Tom Willy Rustad har arrangert musikk for durspel-solist og strykarar, og dette spelte Amalie på eksamen. Ikkje lenge etterpå bar det vidare til Hardanger musikkfest, der ho framførte denne musikken med Det norske kammerorkester.

Amalie seier ho har hatt stor valfridom heilt frå starten i kven ho vil ha som lærarar, og at NMH kan få ting til å skje berre ein uttrykker at ein har eit ønske.

– Det som er fantastisk med NMH er at om det er noko du har lyst til, så er det stor sannsynlegheit for at det kan bli ordna. Vil du ha time med ein person er det berre å seie det høgt, så kanskje det går. Det er veldig, veldig fint.

Amalie Kinsarvik Tvilde står med toraderen og ser utover et vann, mens hun rusker seg i håret.
Foto: Siv Dolmen

Godt skodd

Medan nokre av dei tidlegare studentane meiner at førebuinga mot livet etter studiet var mangelfull, meiner både Trygve og Amalie at dei blei godt preppa på dette.

Tidlegare studentar og andre musikarar kom innom forum-timane for å fortelje om liva sine; dei hadde besøk frå Music Norway, FolkOrg og Folkelarm og hadde i tillegg økonomikurs.

– Unni var kjempeflink til å fylle på viss noko mangla. Ho spurde oss ofte om kva me trengte, hadde lyst til og kven me ville ha besøk av, fortel Amalie.

Det er likevel ikkje korleis ein lagar budsjett eller skriv ein god søknad som stikk seg ut i denne samahengen. Det er noko anna dei lærte på studiet som ligg som ein grunnpilar i vegen inn i yrkeslivet.

– Ein skal byggje kvarandre opp. Alltid vere snill og grei, seier Amalie.

– Litt Kardemommeby-prinsippet, seier Trygve.

– Det sit veldig i oss, at om me er hyggelege, snakkar godt om dei rundt oss, så vil dei gjere det same. Og det er grunnlaget vårt, seier dei to.

Folkemusikkstudiet 30 år

Artikler relevante