Gå til hovedinnhold
For ansatte Søk

Likestillingspris til Siri Storheim

Siri Storheim smiler med blomster ved scenen i Store studio.
Siri Storheim gjekk frå hornrekka i KORK fram på scena for å ta i mot Komponistforeiningas likestillingspris for 2022.

Siri Storheim får Komponistforeiningas likestillingspris for 2022 for å ha løfta debatten om likestilling i musikkutdanningsinstitusjonane.

Siri Storheim er hornist og har nettopp tatt master i utøving ved Norges musikkhøgskole (NMH). For tida er ho vikar i Kringkastingsorkestret (KORK), og prisen blei delt ut i samband med ein konsert i Store studio 2. februar.

I klassisk musikk har vi unngått spørsmål om mangfald og likestilling altfor lenge. Å tore ta dei vanskelege samtalene er den einaste måten vi kan halde oss relevante på.

Siri Storheim

Aktiv studietid

I løpet av dei seks åra som student ved NMH har Storheim mellom anna vore studentrepresentant i NMHs styre, leiar av Studentutvalet (SUT) og representert NMH i den internasjonale musikkutdanningsparaplyen AEC.

Ho var òg ei av dei som starta opp Musikkstudentkonferansen på NMH der spørsmål om representasjon blei løfta høgt på agendaen. Leiarar frå fleire norske musikkutdanningsinstitusjonar blei utfordra til å drøfte spørsmål kring mangfald og likestilling i rekrutteringstiltak og i juryarbeid.

– Mangel på møter med kvinnelege komponistar og dirigentar

Siri Storheim har òg merka seg at noko manglar ved likestillinga ved NMH. Hausten 2022 skreiv ho eit debattinnlegg om mangel på møte med kvinnelege komponistar og dirigentar i musikkutdanninga ved NMH.

– I løpet av seks år på Norges musikkhøgskole, har eg jobba med éin kvinneleg dirigent éin gong i regi av skulen (med unntak av dirigentstudentar). Gjennom tallause prosjekt med symfoniorkesteret kan eg heller ikkje hugse å ha spelt eit einaste verk av ein kvinneleg komponist eller ein komponist med minoritetsbakgrunn, skreiv Storheim i debattinnlegget, som blei publisert i Kontekst og Khrono.

Innlegget sette mangfald og likestilling på dagsorden i fleire medium, og rektor Astrid Kvalbein, som sjølv fekk Komponistforeiningas likestillingspris i 2018, skreiv tilsvar der ho seier kritikken inspirerer og at NMH allereie har lagt vekt på kjønnsbalanse og mangfald over tid i fleire fagmiljø.

Viserektor og leiar i Utval for mangfald og likestilling Sidsel Karlsen møtte Storheim til debatt i Dagsnytt 18 hausten 2022.

Å inkludere nye stemmer truer ikkje tradisjonen, tvert i mot, det gjer kunstforma rikare. Det er tøft å utfordre systemet i ein konservativ bransje, men å bidra til positiv endring, og kanskje til og med inspirere andre til å gjere det same, er utruleg meiningsfylt

Siri Storheim

– Å gi prisen til Storheim viser korleis enkeltpersonar, slik Kvalbein òg er eit eksempel på, kan gjere ein viktig innsats – og samtidig vise kva utfordringar som likevel eksisterer i møte med problematikk som har festa seg strukturelt og institusjonelt over lang tid, seier styreleiar i komponistforeininga Jørgen Karlstrøm.

Paneldebatt

I pausen fekk radio- og straumelyttarane på NRK høyre ein paneldiskusjon med Siri Storheim, Astrid Kvalbein og Jørgen Karlstrøm, leie av Jan Fredrik Heyerdahl, informasjonsansvarleg i KORK.

Store studio. Astrid Kvalbein, Siri Storheim, Jørgen Karlstrøm og Jan Fredrik Heyerdahl i samtale rundt et lite bord.
Paneldiskusjon med Siri Storheim, Astrid Kvalbein og Jørgen Karlstrøm.

Artikler relevante