Gå til hovedinnhold
For ansatte Søk

Ein musikalsk kosmopolitt

Portrett av Pauline Hall som ser i kamera, alvorlig
Pauline Hall, 1932. Foto: Hugo Per Wickman. Henta frå Nasjonalbiblioteket.

Rett før jul 2022 kom boka «Pauline Hall. Musikalsk kosmopolitt og kvinne for si tid», skriven av NMH-rektor Astrid Kvalbein.

Boka er ei omarbeiding av Kvalbein si ph.d.-avhandling frå 2013, og omhandlar den norske kritikaren, komponisten og kvinnesakskvinna Pauline Hall (1890–1969) sitt liv og virke. Ho var ein ekte kosmopolitt, ein respektert og frykta musikkmeldar, og stiftar og første formann i foreininga Ny Musikk.

– Pauline Hall er jo ei spennande dame i seg sjølv, som pioner, som komponist og organisasjonsbyggjar, som skeiv og kvinne i ein mannsdominert bransje. Men det å følgje henne gjennom livet gir ikkje minst innblikk i eit heilt kulturliv og kampane der, fortel Kvalbein.

– På 1900-talet blei musikk og kunst institusjonalisert og profesjonalisert, det var strid om det nye og det gamle, det nasjonale og det internasjonale, og om kven som var på «rett side» under andre verdskrig. Hall var ei moderne kvinne i mange spørsmål, med sterk moral. Ho stod opp for det ho trudde på til siste slutt.

Etter alle desse åra er eg framleis ikkje lei av å vere i selskap med Pauline Hall frå Hamar, Kristiania og verda. Men det er godt å ha sett publikum for denne framstillinga, og å få dele ho med fleire.

Astrid Kvalbein i boka om Pauline Hall

Hall våga å stikke seg fram og ta plass i ei tid då den plassen i hovudsak var dominert av menn. Ho var open for verda utanfor Noreg, og høyrer til den generasjonen kvinner som drog med seg den første, feministiske bølga her til lands.

Då Kvalbein i 2018 blei tildelt Komponistforeningens likestillingspris var arbeidet med og formidlinga om Pauline Hall blant det som blei trekt fram i grunngjevinga frå juryen.

Samtidig påpeiker Kvalbein at åra mellom disputas og bok har ført med seg nye perspektiv. Det faktum at Hall delte kvardag og husvære med journalisten Caro Olden blei ikkje snakka offentleg om i samtida, men var i følgje kjeldene ikkje hemmeleg blant vener.

«Særleg har blikket på Hall som lesbisk kvinne blitt skjerpa ettersom skeiv historie har vakse fram for disiplin. Derfor er det på mange måtar passande at boka kjem i 2022, same år som det er 50-årsfeiring av at homofili blei avkriminalisert i Noreg,» skriv forfattaren.

Pauline Hall tok stilling: som kosmopolitt i eit nasjonalt orientert kulturliv, som kvinne mellom menn, med støtte mellom andre radikale kvinner, som strengt profesjonell og samtidig langt på veg sjølvlært fagperson. Ho var noko heilt for seg sjølv.

Astrid Kvalbein i boka om Pauline Hall

Artikler relevante