Gå til hovedinnhold
For ansatte Søk

Astrid Kvalbein blir ny rektor på Norges musikkhøgskole

Astrid står mot en murvegg, ikledd lue og boblejakke, og smiler bredt mot kameraet.

Astrid Kvalbein er valt til rektor og Eyolf Dale til prorektor på Norges musikkhøgskole (NMH) for perioden 2021–2025. Dei tar over 1. august.

Astrid Kvalbein er songar og i dag tilsett som forskar og prosjektleiar for NMHs historieprosjekt. Eyolf Dale er jazzpianist og studieleiar for dei utøvande jazzstudia.

Då Astrid og Eyolf gjekk til val hadde dei med to viserektorar; Sidsel Karlsen, viserektor for forsking og utvekling, og Gunnar Flagstad, viserektor for utdanning.

Astrid Kvalbein fortel at ho blei både letta og overvelda då resultatet var klart.

– Eg er óg glad for å kunne tenkje på noko anna enn valkamp i vekene som kjem. Og sjølvsagt: utruleg audmjuk og stolt av å ha fått denne tilliten frå folk på NMH. Eg skal gjere mitt beste!

Korleis skal du feire?

– Det er jo vanskeleg å få feira med laget i desse tider, men det tar vi igjen!

– Det blir nok eit brett sushi med familien i dag, og så ei helg med skikkeleg fri – hytte, ski og fastelavnsboller. I kveld er det styremøte i skolekorpset, så eg skal ikkje miste bakkekontakten heilt.

Korleis synest du valkampen har vore?

– Naturleg nok spesiell, ettersom koronanedstenginga har gjort at vi har møtt så få kollegaer og studentar på jobb. Dermed har arenaene for uformell prat om rektorvalet vore få, både for oss og ikkje minst mellom alle andre på NMH. At det heile i stor grad har skjedd over nett, har vore ei litt blanda erfaring. Men vi har hatt samtalar med mange, fått innspel og gode spørsmål – og skikkelege utfordringar, både frå enkeltpersonar, frå Studentutvalet (SUT) og fagseksjonane, frå fagforeiningane og frå det andre kandidatlaget. Vi har stått på, og blitt godt samansveisa som lag av denne prosessen!

Kva gjer du i tida fram til studiestart?

– Det blir nok ei heftig blanding av å avslutte og gi vidare arbeid eg er i gang med. Eg er naturlegvis opptatt av at historieprosjektet til NMH blir ført vidare på ei god måte fram til jubileet i 2023 – og å setje seg inn i saker ein rektor bør kunne. I tillegg skal vi få i gang prosessar som gjer oss så klare vi kan til å starte opp etter sommaren. Det skal bli spennande!

Artikler relevante