Gå til hovedinnhold
For ansatte Søk

Kristel Jæger Skorge ny direktør ved NMH

Portrett av Kristel Jæger Skorge i svarthvitt.
Kristel Jæger Skorge, foto KHiO.

Styret ved Noregs musikkhøgskole har tilsett Kristel Jæger Skorge som ny direktør. Ho kjem frå stillinga som direktør for Kunsthøgskolen i Oslo.

– Vi ser fram til å få Kristel Jæger Skorge inn i toppleiargruppa på NMH, seier rektor Astrid Kvalbein. – All erfaringa ho har som leiar, frå universitets- og høgskolesektoren generelt og Kunsthøgskolen spesielt, vil kome til nytte her.  Kristel er dessutan ein hyggjeleg person med initiativ og stor arbeidskapasitet, som vi gler oss til å ha med inn i  utviklinga av ny strategi for NMH og andre spennande prosessar dei neste åra. Ikkje minst er vi trygge på at ho har den kompetansen vi treng hos ein direktør i den økonomisk utfordrande situasjonen vi er i, og kjem til å vere i dei neste åra, slår Kvalbein fast.

Kristel er dessutan ein svært hyggjeleg person med initiativ og stor arbeidskapasitet, som vi gler oss til å ha med inn i  utviklinga av ny strategi for NMH og andre spennande prosessar dei neste åra

Astrid Kvalbein rektor ved Musikkhøgskolen

– Vi er òg glade for å tilby både spennande kvardagar og ordna forhold her på NMH, mellom anna takka vere leiinga til avtroppande direktør Tove Blix, avsluttar Astrid Kvalbein.

– NMH har eit dyktig og nyskapande personale og rekrutterer svært talentfulle studentar både frå inn- og utland, seier Kristel Jæger Skorge. – NMH held høg kvalitet både i utdanninga, det kunstnariske utviklingsarbeidet og forskinga. Det er utruleg flott å få moglegheit til å vere med på å bidra i den vidare utviklinga av NMH, og eg gler meg til å ta fatt på jobben som direktør.

Kristel Jæger Skorge

Kristel Jæger Skorge er utdanna cand.philol. og dr.art. ved Universitetet i Bergen. Ho har også gjennomført Master of Public Administration med spesialisering i strategisk leiing ved Copenhagen Business School. Skorge har brei erfaring frå universitets- og høgskolesektoren og har mellom anna arbeidd som stipendiat og prosjektmedarbeidar ved Senter for europeiske kulturstudium ved Universitetet i Bergen, FoU-leiar og underdirektør ved Universitetet i Stavanger og førsteamanuensis og instituttleiar ved Høgskolen i Oslo og Akershus (nå OsloMet), som leiar av FOU i NAV og direktør for forskings- og innovasjonsadministrasjon ved Universitetet i Oslo.

Dei siste åra har Skorge jobba som direktør ved Kunsthøgskolen i Oslo (KHiO), og etter at KHiO gjekk bort frå todelt leiing, kjem Kristel Jæger Skorge no til Norges musikkhøgskole. Ho tiltrer 1. mai 2023.

Artikler relevante