Rektorane på Musikkhøgskolen oppmodar studentar og tilsette om å halde seg oppdaterte i kulturdebatten.
Aktuelle musikkdebattar

– Det er gledeleg at kollegaene på NMH engasjerer seg i aktuelle debattar i musikkbransjen, seier rektor Astrid Kvalbein og prorektor Morten Qvenild.
Musikkdekninga til NRK
Kvalbein, som sjølv har erfaring som musikkjournalist og kritikar, følgjer med på utviklinga i NRK og ser at det blir stilt mange gode spørsmål til rikskringkastinga.
– Eg blir òg bekymra for den gode samtalen, refleksjonane og formidlinga om og av musikk, særleg når det gjeld såkalla smale uttrykk. Samtidig trøyster eg meg med, etter mange år i bransjen, at musikken og musikklivet har vist seg å tole endringar overraskande godt.

Publikum kjem, uansett om media sviktar
Rektoren nemner som døme at folk framleis fyller konserthuset veke etter veke, sjølv om kritikarane ikkje skriv like ofte om Oslo-filharmonien som før, det er liv og røre på festivalane og så vidare.
– Eg vil også gi honnør til dei kritikarane og journalistane som har halde kvaliteten oppe gjennom mange endringar i medieteknologi og redaksjonelle profilar dei siste åra. Det betyr utruleg mykje!
Debatten oppsummert
- Både Norsk komponistforening og Interesseorganisasjonen Samspill har klaga inn saka til Kringkastingsrådet.
- Håkon Thelin: «Bygg heller opp enn å rive ned» (Ballade 16.09.)
- Anderz Døving: «NRK kutter musikkgrenen de sitter på» (Klassisk musikk 29.09.)
- Hild Borchgrevink: «Ti spørsmål til NRKs musikksjef om digital vekst.» Kontekst 29.09)
- Cathrine Winnes: «Jeg vil ikke ha radiotaushet. Jeg vil ha radioaktivitet!» (Ballade 30.09.)
- Norsk musikkråd og Musikkens studieforbund har tatt initiativ til eit opprop, der mellom anna Den Norske Opera og Ballett, De Unges Orkesterforbund (UNOF) og Norsk Jazzforum har signert.
- Eit anna opprop blei starta av Anna Berg, Patrick Shaw Iversen og Maia Viken: «Det finnes allerede altfor få redaksjonelle flater for den ikke-kommersielle musikken.»
Musikksjef i NRK, Mats Borch Bugge, har forsvart avgjerda i fleire intervju:
- «Musikksjefen om NRK-endringene» (Jazz i Norge 08.09.)
- «NRK ville endt opp som bakstreverske ved å fortsette som før» (Kontekst 01.10.)

Skremmande om strøymetenester
Prorektor Morten Qvenild er musikar, produsent og komponist, og har vore med på om lag 150 plateinnspelingar.
– Strøymetenestene velta om på musikkbransjen for om lag 15 år sidan, og allereie då forsvann ein stor del av pengestraumen frå musikaranes inntening av royalty på platesal, medan dei store plateselskapa fekk meir av kaka, seier han.
Qvenild veit strøymemodellane kan bety tap av viktig inntekt i ein musikar- og komponistøkonomi.

Lågare inntekter
For 15 år sidan reagerte bransjen med å satse meir på inntening gjennom konsertar, men spesielt etter pandemien har marknaden vore svært pressa.
– Vi merkar gjennom våre mange kanalar ut i musikkfeltet – gjennom studentar, stipendiatar og tilsette – at det er hardare tider i musikkbransjen, og at mykje av pengane som skulle vore ein del av musikarar og komponistar si inntening, hamnar hos store selskap.
Prorektoren peiker på at dei same selskapa i tillegg spekulerer i metodar for å tene eigne opphavsinntekter på å generere KI-musikk. For ein enkeltståande menneskeleg opphavsperson blir totalen skremmande og kompleks.

Bransjen må på banen
– Lovgivarar og aktørar i bransjen – politikarar så vel som musikarar – kjem på banen for å peike på den pressa situasjonen opphavsrettshavarar og musikarar er i, og kjem til å stå i framover, seier Morten Qvenild.
Då er det gledeleg at ein engasjerer seg frå mange delar av bransjen rundt denne problematikken akkurat no. Det er også gledeleg å sjå at det stadig kjem ny musikk av svært høg kvalitet frå alle krikar og krokar i musikk-Noreg! Dette viser kva for ei hardfør kunstform musikk er gjennom skiftande tider.
Debatten oppsummert
- «Spotify måtte fjerne titusenvis av AI-genererte låter – Ble i hovedsak «lyttet til» av datamaskiner» (tek.no 10.05.23)
- Andreas Johnsen: «På tide å bytte strømmetjeneste» (Underdusken.no 23.02.2024)
- «Strømmesvindel er milliardindustri» (Dagens Næringsliv 23.11.2024 [abo])
- Jon Balke: «Om Spotify og oss» (Ballade 27.08.2025)
- Joachim Lund: «Hold kjeft, drittkjerring!» om bl.a. KI-artisten Sadie Winters (Aftenposten 24.09.2025)
- «Artistar boikottar Spotify: – Eg kjenner meg makteslaus» (NRK 18.07.25)