Gå til hovedinnhold
For ansatte Søk

Virvelrommet

-

Ein arena for deling, dialog og oppleving av kunstnarleg arbeid.

Virvelrommet / The Vortex Space er eit ope rom, så du er velkomen til å vere der i heile opningstida om du vil.

Her blir det speling og deling av musikk frå heile spekteret av stilar og sjangrar vi utøvar og skapar på NMH. Det blir presentasjonar i mange ulike format, og gruppesamtalar som ein kan setje seg ned og lytte til eller ta del i.

I mellomromma vil det vere stillheit, der ein kan gå rundt og oppleve installasjonar og tekster og bøker som ulike NMH-folk har plassert rundt i rommet.

I studieåret 2025–26 blir det fire Virvelrom. Nederst kan du sjå video frå uRommet, hausten 2024.

Program

Kl. 12:00: Opning

Musikalsk opningsinnslag med studentar frå ulike studieretningar, leia av Knut Aalefjær.

  • Ingrid Lingaas Fossum (langeleik)

Lett servering.

Ca. kl. 12:45: Tema: Tekst, roller og forventingar

  • Marie Høgestøl (song)
  • Damiën Heemskerk (piano)
  • Anja Sandvoll (tverrfløyte og tekst)
  • Åsmund Erichsen (tekstlesing)
  • Eir Inderhaug (samtaledeltakar)

Ca. kl. 14:15: Open scene I

  • Taraf: Alessia Ardelean (vokal), Hanna Vigerust Kallestad (fiolin), Simen Jakobsen Harstad (gitar) og Colin Lilius Karlsen (bass)
  • Luís Melo (klarinett)
  • Tayo: Eira Elise Øverås (trompet), Elias Vistven (gitar), Colin Lilius Karlsen (bass) og Elle Fenchel (trommer)

Lett servering.

Kl. 16:00: Salongsamtale med økonomiprofessor PierLuigi Sacco

Korfor er kunst ein føresetnad for eit demokratisk samfunn? Samfunnsøkonomiske pespektiv på ei samtale om kunsten sin nytteverdi og eigenverdi.

Med deltakarar frå NMH sitt kunstnar- og forskarmiljø, stipendiatar, studentar og aktørar frå norsk musikk- og kulturliv.

  • Opningsmusikk ved Erlend Skomsvoll (piano)

Les meir om Sacco og samtalen her.

Ca. kl. 18:15: Open scene II

  • Tanja Orning (cello)
  • Atle Nymo (saksofon)
  • Konstantin Helmers (fiolin, elektronikk)

Heildags deling og refleksjon – videoar, tekst og bøker i rommet

  • Bendik Giske: «Bendik Giske & Sam Barker – still untitled explorations» (tekst/video)
  • Edvard Valberg: «will to chaos/lust for life» (tekst/video)
  • Henning Kraggerud: «Viola improvisations and composed reflections inspired by literature» (video)
  • Ingfrid Breie Nyhus/Live Maria Roggen: «Lytte etter det (u)romantiske» (videoserie og bok)
  • Sidsel Endresen: «A Piece of Work» (dikt)
  • Nils Henrik Asheim: «Musikken, reinkarnasjonen og å leve øyeblikket om igjen» (refleksjonstekst)

Meld deg på!

Skriv til virvelrom@nmh.no om du vil spele, dele eller ta del i samtaler på neste Virvelrommet 17. oktober – eller på eitt av dei to Virvelromma våren 2026.

Kva er Virvelrommet?

  • Ein open scene, med lavterskel-booking av musikkinnslag frå studentar i kombinasjon med levande FoU/KU-deling frå tilsette og stipendiatar
  • Ein salong for deling, debatt og diskusjon om kunst og kunnskap, med deltakarar i ulik bakgrunn, alder og ståstad, inkludert gjester utanfrå
  • Ein installasjons- og delingsarena der ein kan vise fram arbeidet sitt i dei formata som passer: video på storskjerm, små videoskjermar med headset, lese- eller lyttestasjonar.

Virvelrommet er som idé ein arv frå KU-prosjektet (u)Romantisk. Prosjektet har fått strategiske middel i 2025.

Les meir

Publisert: 13. aug. 2025 — Oppdatert: 4. sep. 2025