Du er velkommen til å vere i Virvelrommet i heile opningstida. Det blir eit program med konsertar, gruppesamtaler, diskusjonar, installasjonar og presentasjonar frå alle miljøa på NMH, og med gjestar utanfra.
Virvelrommet
-

Ein arena for deling, dialog og oppleving av kunstnarleg arbeid.
Vil du delta i virvelrommet?
Kva er Virvelrommet?
- Ein open scene, med lavterskel-booking av musikkinnslag frå studentar i kombinasjon med levande FoU/KU-deling frå tilsette og stipendiatar
- Ein salong for deling, debatt og diskusjon om kunst og kunnskap, med deltakarar i ulik bakgrunn, alder og ståstad, inkludert gjester utanfrå
- Ein installasjons- og delingsarena der ein kan vise fram arbeidet sitt i dei formata som passer: video på storskjerm, små videoskjermar med headset, lese- eller lyttestasjonar.
Virvelrommet er som idé ein arv frå KU-prosjektet (u)Romantisk
Kontakt
Dersom du er interessert i å spele, vise fram eit arbeid eller diskutere noko av det du for tida er opptatt av – ta kontakt med virvelrom@nmh.no.
Virvelrommet er eit av prosjekta som har fått strategiske middel i 2025.
Publisert: 13. aug. 2025 — Oppdatert: 30. sep. 2025