Gå til hovedinnhold
For ansatte Søk

Praxis er lansert

Skjermdump av nettsiden praxis.no
PRAXIS skal gjere erfaringane frå 10 år med Senter for framifrå utdanning tilgjengeleg . Illustrasjon: Skjermdump frå praxis.no.

I november blei PRAXIS lansert på NMHs nettstad. PRAXIS er ein ressursbank med erfaringar og ressursar frå pedagogisk utviklingsarbeid og utvikling av høgare musikkutdanning.

Prosjekt

PRAXIS er laga av Senter for framifrå utdanning i musikkutøving (CEMPE), og består av mellom anna tekstar, artiklar, videoar, og formidlar prosjekt og arbeid gjort av CEMPE.

Les til dømes om hovudinstrumentlærarane sine undersøkingar av gruppeundervisningsformer, om utviklingsprosjekt om øving, om FoU-basert utdanning, om studentinitiativ til nye emner, og oppsummeringar av debattar om mental helse, mangfald, undervisingsmetoder, musikerrolle, med meir.

Videoressursbank

PRAXIS inneheld òg videoressursbanken Skuba: ein lavterskel introduksjon til kunstnarisk utviklingsarbeid, for studentar og tilsette.

Skuba er resultat av eit skandinavisk samarbeid, og består av korte videoar på 3–7 minutt, laga av fagfeller i Skandinavia, om ei rekke sentrale tema i kunstnarisk utviklingsarbeid.

Podcast

På PRAXIS kan du òg lytte til podcasten Konservatoriumspodden, og lese om CEMPEs 10 år som senter for framifrå utdanning.

PRAXIS vil vere ein ressurs for NMH og høgare musikkutdanning også etter levetida til CEMPE, og er ei nettstad der vi formidlar erfaringar og ressursar frå pedagogisk utviklingsarbeid frå NMH.

Spørsmål?

Spørsmål om PRAXIS kan du rette til redaktør Ingfrid Breie Nyhus.

Les meir

PRAXIS er ein ressursbank for høgare musikkutdanning med erfaringar og ressursar frå kunstnarisk-pedagogisk utviklingsarbeid og utvikling av høgare musikkutdanning, ved NMH og CEMPE.

Gå til PRAXIS

Artikler relevante