For ansatte
No En
Søk

Har du mistanke om at du er smitta?

Kva skal du gjere om du har symptomar som kan skyldes koronavirus? Først og fremst må du få testa deg.

Dersom du får symptomar, skal du alltid gå i isolasjon og ta ein test. Dette gjeld uansett om du er fullvaksinert, delvaksinert eller uvaksinert.

Sørg for å teste deg

  1. Du får sjølvtestar i resepsjonen. Er testen positiv, må du teste deg i regi av SiO eller kommunen. Les meir om sjølvtestane.
  2. SiO har etablert ein teststasjon på Fredrikkeplassen på Blindern. Både tilsette og studentar kan bruke den.
  3. Du kan óg teste deg i regi av kommunen du bor. Sjå korleis du går fram (oslo.kommune.no)

Om du tester positivt på covid-19

Send e-post til korona@nmh.no.

Bruk NMH-e-posten din (les om informasjonssikkerhet under). Skriv følgjande i e-posten:

  • Kor har du oppholdt deg på NMH?
  • Kven har du vore saman med?

Er du smitta vil du bli fulgt opp av helsemyndigheitene. Kommunelegen har ansvar for smittesporing, men vi treng å vite om dine rørsler på NMH for å hindre vidare smittespreiding.

Om du testar negativt på covid-19

Testar du negativt på koronatesten, kan du komme tilbake på NMH dersom du ikkje har symptom og følar deg frisk.

Dersom du har hatt nærkontakt med ein som har fått påvist covid-19

Då er det viktig at du testar deg så raskt som mogleg. Informerer NMH på korona@nmh.no dersom den er positiv.

Nærkontakt vil si kontakt med ein smitta person kor de har hatt mindre enn to meters avstand i meir enn 15 minutt, eller direkte fysisk kontakt.

Informasjonstryggleik

Du kan være trygg på at opplysningane dine ikkje kjem på avveie. E-postar som går innanfor nmh.no-domenet er sikre. Det er også grunnen til at slike opplysningar skal gå frå NMH-epost til NMH-epost, og ikkje kome utanfrå – til dømes frå ein Gmail-konto.

For å sikre eit forsvarleg arbeids- og studentmiljø, kan vi gi informasjon innad i verksemda om at ein tilsett eller student er i karantene eller er smitta. Om vi meiner det er naudsynt å gi ut slik informasjon for å sikre eit forsvarleg arbeids- og studentmiljø, blir kvart tilfelle vurdert konkret i samråd med helsestyresmaktene. NMH vil aldri gi informasjon om enkeltpersonar til utanforstående.

Sletting av personopplysninger

Eventuelle personopplysningar NMH behandlar i samband med varsling av smitte hos studentar og tilsette, eller hos nokon dei har vore i nærkontakt med, blir sletta når smittesporinga er gjennomført og tiltaka sette i verk. Det gjeld óg opplysningar om nokon går heim eller held seg heime på grunn av sjukdom.

Lovgrunnlag

NMH plikt og rett til å ha oversikt over smittesituasjonen dersom det har innverknad på andre tilsette og studentar. Dette er hjemla i Arbeidsmiljølova § 4-1(1) og Universitets- og høgskolelova § 4-3.

Artikler relevante