Først og fremst har eg lært at det går an å jobbe med 300 % kapasitet ... men berre dersom nokon andre vaskar klea dine, lagar maten din, og innimellom minner deg på å sove.
Eg har lært at denne skolen, som mange andre institusjonar, er som eit saktegåande skip. Men sakte betyr ikkje urørleg. Det kan snu. Og det snur når studentar hevar stemma. Når vi jobbar ikkje berre for oss sjølve, men for dei som kjem etter oss. Når vi insisterer på å bli høyrde, også når det er upraktisk.
Endring kjem kanskje ikkje alltid med ein gong. Av og til kjenner ein det faktisk som å rope inn i tomheita. Men sjølv den minste endringa i dag kan bli ein ny kurs i morgon.