Gå til hovedinnhold
For ansatte Søk

Polyfon-konferansen 2025

-

Polyfon-konferansen 2025 vil legge til rette for spennande fleirstemde samtalar om kva musikk har å tilby som helseressurs, om kvifor dette er meir relevant enn nokon gong og om kva kunnskapsklynga kan bidra med i vidare utvikling av feltet.

Tema for konferansen: Musikk på tvers

Musikk er ein viktig del av kvardagen for dei fleste. Interessa for samanhengar mellom musikk, helse og samfunn er stor og musikkterapi er tilrådd i fleire nasjonale faglege retningslinjer. Likevel er det eit stykke fram før musikkens kraft er tatt i bruk på ein systematisk og kunnskapsbasert måte i samfunnet. Korleis kan vi styrke samarbeidet om formidling, praksisutvikling, forsking og utdanning?

Konferansetemaet "Musikk på tvers" kan tolkast på fleire måtar, t.d. på tvers av fag, på tvers av kompetansar, på tvers av praksisar og på tvers av sektorar. Vi inviterer til kritikk, refleksjon, samtale og diskusjon.

Program og detaljer

Om konferansen

Konferansen er eit samarbeid mellom Polyfon – kunnskapsklynge for musikkterapi, UiB og Høgskulen på Vestlandet.

Konferansen er open for alle interesserte og er gratis for brukarar og bidragsytarar og for alle tilsette og studentar hos ein av Polyfons klyngedeltakarar.

Polyfon-konferansen er ein årleg møteplass for inspirasjon, kunnskapsformidling, erfaringsdeling, dialog og diskusjon.

Konferansen blir arrangert i november kvart år og samlar både brukarar, praktikarar, forskarar og leiarar.

Konsert kvelden før

13. november kl. 19:00 er det Polyfon-konsert på Bergen kjøtt, Skutevikstorget 1.

Les også

Publisert: 2. okt. 2025 — Oppdatert: 2. okt. 2025