Gå til hovedinnhold
For ansatte Søk

Meld deg på konsertserien NMH NO

Felespel og slurping av kaffi, klang frå vibrafon og klimring av bestikk. Ei feiring av det folk på NMH driv med akkurat NO!

Frå og med 12. oktober vil vi vise fram heile breidda til NMH med lunsjkonsertar ein gong i veka. Har du eit prosjekt du vil vise fram, men ingen scene å gjere det på? Har du eit musikkstykke du aldri kan få nok av? Ønsker du å skape ei hyggeleg stund for folka på NMH?

Som ein del av feiringa av jubileumsåret 2023–24 vil vi halde vekentlege lunsjkonsertar på torsdagar i kantina. Sjå datoversikt lenger nede. Konsertane vil vare i ein halvtime og starte kl. 12:00.

I eit år der me feirar 50 år med Noregs musikkhøgskole (NMH), er det flott å få ei påminning om det som skjer ved NMH akkurat NO ein gong i veka. Gjennom denne konsertserien ønsker me å vise fram breidda ved NMH i ein uformell setting. Alle er velkomne til å søkje om å få spele, både studentar og tilsette. Du får tilgang til det du måtte trenge av utstyr og teknisk assistanse for ditt innslag. Ta gjerne ei stund for å reflektere over kva som passar i ei slik ramme, der det er kantine, foajé og lunsjområde i same rom.

Påmelding

Førstehen til mølla – me tek imot søknader kontinuerleg!

Meld deg på her.