Gå til hovedinnhold
For ansatte Søk

Jonas Skjeflo får talentstipend

Sparebank1 SMN deler ut 50 000 kroner til talent frå Midt-Noreg. Ein av mottakarane er student på Musikkhøgskolen.

– Det er heilt fantastisk, og ikkje forventa i det heile tatt, seier Jonas Skjeflo.

Han er bachelorstudent i dirigering på andre året, og eit av 40 unge talent frå Midt-Noreg som mottek stipend frå Sparebank1 SMN.

Stipendet er på 50 000 kr., og blir delt ut til unge, framstormande talent innan kultur, idrett, næring og samfunn i regionen. I år var det 500 søkarar.

– Det er utruleg mange flinke folk som har søkt, så det blir ekstra stas når nålauget er så trongt, seier Skjeflo, som kjem frå Steinkjer i Trøndelag.

«Ein treng ikkje å reise så langt for å få inspirasjon»

Jonas Skjeflo Dirigent

Ut på reise

På sine nettsider skriv Sparebank1: «Felles for våre talentvinnere er at de har evnen til å gjøre en forskjell, de våger å prøve der andre kanskje vil gi opp, og de ønsker å bidra positivt til regionen de er fra.»

Midlane er ikkje øyremerka noko spesielt, og kan dermed bli brukt ganske fritt.

– Eg har lyst til å reise, ta timer med nye lærarar og sjå andre kor. Og kjøpe noter. Mellom anna kan eg tenkje meg å oppleve meir av tysk musikktradisjon, og den engelske Evensong-tradisjonen, seier Skjeflo.

Men ein treng ikkje å reise så langt for å få inspirasjon heller, meiner han. På spørsmål om kven som er førebileta trekk han fram lærarane på NMH.

– Nyleg hadde vi konsert med Kringkastingsorkesteret, Oslo Domkor og Musikkhøgskolens kammerkor. Då var det stort å sjå Vivianne Sydnes stå forran og vere «boss» og leie alle dei musikarane, og få til ein så bra konsert, seier han.

Planane for framtida er foreløpig ganske opne, men nokre idear har han for tida etter bacheloren.

– Aller først vil eg ta eit årsstudium i kyrkjemusikk, for å få kantorkompetanse. Etter det kan kva som helst skje; ein får jo ny inspirasjon heile tida, og plutseleg blir vegen endra, seier Skjeflo.

– Eg vil tilbake til Trøndelag ein dag, fordi eg meiner det er viktig å ha et levande kulturliv over heile Noreg. Det håper eg å bidra til med tida, seier han.