Gå til hovedinnhold
For ansatte Søk

Virvelrommet

-
Pianist spiller flygel med ryggen til på mørk scene.

Virvelrommet/The Vortex Space er ein arena for deling, dialog og oppleving av kunstnarleg arbeid.

Rommet er opent, så du er velkommen til å vere der i heile opningstida om du vil.

Her blir det speling og deling av musikk frå heile spekteret av stilar og sjangrar vi utøver og skaper på NMH. Det blir presentasjonar i mange ulike format, og samtaler du kan setje deg ned og lytte til eller ta del i.

Denne gongen blir Virvelrommet arrangert i samband med FoU-delingsuka FagFuzz (kun for NMH-tilsette og -studentar), og er gratis for publikum.

Kva er Virvelrommet?

  • Ein open scene, med lavterskel-booking av musikkinnslag frå studentar i kombinasjon med levande FoU/KU-deling frå tilsette og stipendiatar
  • Ein salong for deling, debatt og diskusjon om kunst og kunnskap, med deltakarar i ulik bakgrunn, alder og ståstad, inkludert gjester utanfrå
  • Ein installasjons- og delingsarena der ein kan vise fram arbeidet sitt i dei formata som passer: video på storskjerm, små videoskjermar med headset, lese- eller lyttestasjonar.

Virvelrommet er som idé ein arv frå KU-prosjektet (u)Romantisk

Program

Kontaktperson

Publisert: 18. sep. 2026 — Oppdatert: 18. sep. 2026