Gå til hovedinnhold
For ansatte Søk

Masterfestival dag 1

-

Arrangementet er ope for alle studentar og tilsette. Ta turen innom og bli kjent med prosjekta til masterstudentane.

Velkomen til master presentasjonsfestivalen på NMH. Dette arrangementet lovar å vere inspirerande og ein moglegheit til å dele og utforske dei fantastiske prosjekta studentane har arbeidd med.

Festivalen er ein fin arena for å dele arbeida og prosjekta. Det handlar om å lytte, lære, inspirere og få erfaring i å presentere kreative prosessar og arbeid.

Studentane vil både presentere arbeidet sitt og fungere som opponent/hjelpar for medstudentane, og gje tilbakemelding på alle andre studentane sine presentasjonar under festivalen.

Praktisk informasjon

  • Presentasjonane finn stad over to heile dagar, med parallelle sesjonar i tre ulike rom (U1018, U1020 og U1021).
  • Presentasjonane er opne for alle andre NMH-studentar, tilsette og eksterne.
  • Presentasjonar: Maks 20 minutt (inkludert oppsett)
  • Diskusjon/spørsmål: 10 minutt

Kontakt

Publisert: 7. mai 2025 — Oppdatert: 9. mai 2025