Fagområde: Musikkterapi/Musikk og helse
CREMAH: Midtvegsevaluering - Merete Holme
CREMAH og doktorgradsutvalet inviterer til Merete Holme si midtvegsevaluering.
"I've got the music in me"
Merete Holme går på ph.d.-programmet i musikkforsking. Hennar studie har som mål å frambringe ny kunnskap om musikkterapi for ungdom med emosjonelle vanskar.
Midtvegskommentator er førsteamanuensis Tone Kvamme, NMH
Du kan lesa meir om studien på Merete si prosjektside.
Om midtvegsevaluering
Føremålet med midtvegsevaluering er å sikre framdrift og kvalitet i ph.d.-arbeidet og motivere kandidaten til vidare arbeid. Eit viktig aspekt er også å leggje til rette for at forskingsmiljøet får eit kollektivt eigarskap til prosjektet. Difor er midtvegsevalueringa ope for eit internt publikum.
Kontakt
Publisert: 11. des. 2024 — Oppdatert: 13. des. 2024