For ansatte
No En
Søk

På tvers: Å øve utforskande saman

-

Velkommen til På tvers – en workshopserie der studenter og lærere fra ulike sjangre møtes og musiserer sammen. Først ut er Guro Gravem Johansen med «Å øve utforskande saman». Ta med instrumentet ditt eller vær forberedt på å synge med.

Når vi øver kan vi møte på problemstillingar som vi ikkje heilt kan avgrense eller vite på førehand korleis vi skal ta tak i. Kanskje ønsker vi å utfordre eigen spontane kreativitet i øvinga, og sjå kva ei leikande tilnærming til spel eller song kan føre til.

Utforskande øving

Utforskande øving er å ta i bruk improvisasjon og ikkje definere alle resultata på førehand. På den måten kan vi oppdage nye tekniske områder, utforske kva for moglegheiter som bor i eit musikalsk materiale, eller arbeide med kjensler og mental mestring av utøving og formidling. Når vi speler utforskande saman med andre, blir vi spesielt utfordra til å legge frå oss førehandsdefinerte forventningar om kor det musikalske forløpet skal gå. Det skjerper lyttesansen, evnen til å ta musikalsk ansvar og å balansere sin eigen plass i musikken opp mot dei ein speler med.

På denne workshopen skal deltakarane vere aktive, så førebu deg på å synge eller ta med instrument (som ikkje krev stor plass eller rigging).

Meld deg på for å sikre deg plass. Det serveres kaffe og bakst.

Om prosjektet

CEMPE-prosjektet ”På tvers” er eit forum der studentar og lærarar frå ulike sjangrar og felt møtast og musiserer saman, i kombinasjon med dialog og diskusjon. Vi tilstreber månadlege hendingar, der kvar hending har eit bestemt tema med ein eller fleire innleiarar. Innleiarane er studentar eller lærarar ved NMH, eller ekstern inviterte gjester.

Publisert: 2. nov. 2021 — Oppdatert: 24. nov. 2021