Fredag 1. april samlas musikkstudentar frå heile landet for å navigere vegen vidare på Norges musikkhøgskole.
Musikkstudentkonferansen er eit arrangement av og for musikkstudentar. Formålet er å skape ein sosial og fagleg møteplass for musikkstudentar frå heile Noreg, noko som er unikt i europeisk samanheng. Verdien av å komme saman er heilt sentral, spesielt etter to lange år med pandemi.
Konferansen legg vekt på eit relevant og inkluderande program, som skapar grobunn for felles og individuell refleksjon. På årets arrangement vil mellom anna mental helse stå i fokus. Vi håpar å fungere både som eit samlingspunkt og som vaktbikkje for sektoren, og bidra til utvikling av høgare musikkutdanning i Noreg.