Gå til hovedinnhold
For ansatte Søk

Boklansering: Musikkterapi - Musikk og helse

-
Bildet er forsiden av boka Musikkterapi og Musikk og helse og viser en sti gjennom et våtmarksområde med høye siv og lys blå himmel

CREMAH inviterer til lansering av Even Ruud si nye innføringsbok om musikkterapi og musikk og helse.

Even Ruud

Om boka

Den aktive nestoren i norsk musikkterapi, professor emeritus Even Ruud, er kjend for mange. I denne boka gir han ei oppdatert innføring i musikkterapi som fag og viser korleis musikk kan fremje helse, meistring og livskvalitet.

Boka rettar seg mot studentar og fagpersonar men også alle andre som er nysgjerrige på samanhengar mellom musikk, helse og terapi.

Boka tilbyr både overblikk og fordjuping. Ny forsking blir presentert saman med omtale av musikkterapien sine stadig meir utvida praksisområde. Boka er på 465 sider og tittelen er kort og godt Musikkterapi og Musikk og helse. Den er gitt ut i CREMAHs skriftserie, av Noregs musikkhøgskole (NMH).

Om arrangementet

Lanseringa vil ha eit lite program. Even Ruud vil presentere frå boka, som også kan kjøpast på staden (med signatur) for kr 399. Du kan bruke kort eller vippse.

Det blir enkel servering og drikke og kven veit; kanskje blir det musikk og.

Velkomen!

Sal

I tillegg til sal under lanseringa, kan du kjøpe boka i resepsjonen på NMH. For dei som ikkje kan komme til NMH, kan boka bestillast i bokhandel.

Publisert: 9. jan. 2026 — Oppdatert: 9. jan. 2026