For ansatte
No En
Søk

ANMAtalks: Overføre kulturar i høgare musikkutdanning

-

Den sjette utgåva av ANMAtalks vil gå av stabelen på torsdag 14. oktober 2021. Debatten vil skje på engelsk og temaet er «Transmitting cultures in higher music education – cultural appreciation or appropriation».

Tone Jordhus , Anna Sæmundsdottir

ANMAtalks

ANMAtalks ønskjer å dele kunnskap mellom studentar, tilsette og leiing ved nordiske og baltiske institusjonar for høgare musikkutdanning – og alle andre som er interessert. ANMAtalks er eit initiativ teke av ANMA ExCom og blir utvikla av Keld Hosbond (viserektor ved RAMA) og Camilla Overgaard (prosjektkoordinator for ANMAtalks).

ANMAtalks skjer på engelsk.

Verdsetjing versus appropriasjon

Denne sjette utgåva vil utforske spørsmål som oppstår når ein underviser i og utøver musikk frå ulike kulturar i høgare musikkutdanning. Kva skil kulturell verdsetjing frå kulturell appropriasjon, korleis kan vi overføre og representera kulturelle element på ein ansvarleg måte og korleis kan vi faktisk forstå uttrykket «kultur»?

I ei globalisert verd kor artistar kan hente inspirasjon frå alle verdshjørne, spørsmålet rundt korleis vi kan inkludere og representera kulturelle element kan – og kanskje bør – bli ein stadig meir sentral del av pensumsutviklinga i høgare musikkutdanning. I dette arrangementet ønskjer vi å ta opp desse spørsmåla og kanskje inspirere til diskusjon om korleis vi underviser i og utøver musikk frå ein variasjon av kulturelle kontekster.

Presentasjon og paneldebatt

Vi opnar arrangementet med ein presentasjon frå musikeren, Nadia Safwat, som også har ein bachelorgrad i antropologi frå Universitetet i Aarhus. Ho skal hjelpe oss å gje ei felles forståing for uttrykka knytta til emnet. Presentasjonen hennar vil bli følgja av ein paneldebatt moderert av Camilla Overgaard, kor Nadia og representantar frå høgare musikkutdanning deltek.

Hold av datoen og delta i ANMAtalks. Registrer deg for å få Zoom-lenka.