For ansatte
No En
Søk

Velkommen til Musikkstudentkonferansen 2022

I oktober 2020 samla vi over 500 deltakarar, både digitalt og fysisk, til den fyrste utgåva av Musikkstudentkonferansen. 1. april i år gjentek vi suksessen.

Ein møteplass for musikkstudentar

Hovudmålene for konferansen er å skape ein fagleg og sosial møteplass for musikkstudentar frå heile landet og å utarbeide idear, som bidra til å utvikle norsk musikkutdanning.

Initiativet til konferansen kom frå NMH-studentane Anna Rødevand og Siri Storheim, som ønskja å styrke studentstemmen i høgare musikkutdanning samt å skape eit forum der musikkstudentar kan samlast i diskusjonar om både utdanning og framtidig arbeidsliv. Denne gongen har dei også fått med seg NTNU-student Sigrid Sand Angelsen på laget.

- Vi ønskjer dette året å samle studentar frå så mange norske høgare musikkutdanningsinstitusjonar for å skape en sterkere tilknytning blant musikkstudentar i heile landet. Difor er det ein viktig styrke at prosjektteamet no består av medlemmar frå ulike institusjonar, seier initiativtakar og fiolinstudent Anna Rødevand.

Denne gongen har dei nemleg fått med seg NTNU-student Sigrid Sand Angelsen på laget, som kjem inn i teamet med friske idear og utan “oslo-briller.”

- Eg søkte på denne jobben fordi eg synes det er viktig å skape ein samlingsplass for oss musikkstudentar der vi kan diskutere, reflektere og utveksle idear og erfaringar slik at vi kan påvirke utdanninga vår, seier Sigrid.

Eg håpar at vi når ut til folk frå alle musikkinstitusjonane og at så mange som mogleg møtar opp til konferansen slik at vi har mulighet til å møtes og bli bedre kjent.

Sigrid Sand Angelsen Student ved NTNU og med i prosjektteamet

Tilgjengeleg for alle

På konferansedagen 1. april 2022 blir det workshops, foredrag, diskusjonar og sjølvsagt musikk og sosialt. Arrangementet er opent for alle som er interessert i musikkutdanning, men er spesielt tiltenkt norske musikkstudentar.

Vi håpar å invitere så mange som mogleg til Norges musikkhøgskole i april, men konferansen blir også strømma, slik at flest mogleg får høve til å delta.

Følg Musikkstudentkonferansen på Instagram for oppdateringer.
Les mer på konferansens nettside

Tre kvinner som ser i kameraet og smiler
Prosjektteamet: Anna Rødevand, Sigrid Sand Angelsen og Siri Storheim

Artikler relevante